Statsminister Erna Solberg og Rune Fjellanger. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Erna Solberg besøkte Fjellanger Hundeskole

– Fabelaktig! Dette handlar om både arbeidsplassar, forsking og gründerverksemd, seier statsministeren.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I går starta statsministeren sin valkampturné, i dag skal Erna Solberg med fleire frå Hordaland Høyre besøka Kværner på Stord og Salmalaks på Bømlo.

Programmet starta med besøk hos Fjellanger Hundeskole klokka 9.45 i dag, der statsministeren med følgje fekk høyra om eit nytt forskingsprosjekt i samarbeid med Helse Bergen og Bergen Teknologioverføring, der hundar blir trente i å snusa seg fram til lungekreft.

Ved Fjellanger sitt anlegg i Åsen i Os sto innehavar Rune Fjellanger, prosjektleiar Jonas Riise Johansen og praktikant Maria Sjursen klare til å ta imot statsministeren. Med seg hadde dei overlege ved lungeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus, Marianne Aanerud, frå BTO stilte koordinator for prosjektet, forretningsutviklar Kine Gregersen.

Ordførar Marie Lunde Bruarøy var på plass saman med lokalpartikollegaene Susanne Sperrevik og May Brit Haringstad frå Os Høyre. Også tidlegare ordførar, Ole Haakon Lunde, som har bursdag i dag, var med og tok imot Erna.

– Nei, hundane er ikkje med i Nordsjøen

Etter mottaking i sola ute på parkeringsplassen gjekk turen inn i treningshallen.

Her fortalte Fjellanger om bakgrunnen for ideen om kreftsøkprosjektet, nemleg søk etter korrosjon. Etter å ha jobba med å leita etter miner for FN blei det oppdaga at hundane var minst like flinke til å finna skrapmetall.

Dette førte til nytt treningsopplegg, og Fjellanger rettar seg no mot olje og gass ved å bruka hundar som detektorar av noko bransjen fryktar, korrosjon under isolasjon.

– Enkelte spør korleis vi får hundane rundt på alle røra på plattformene, men det er ikkje sånn det fungerer, seier Rune og ler.

Frå dreneringshol blir det henta ut luftprøvar i eigendesigna filter. Desse blir merkte grundig og frakta i lukka system til land, der hundane raskt kan inspirera filter etter filter.

Tilsvarande blir no hundar trente til å detektera kreft frå utandingsprøvar frå pasientar. Turen gjekk vidare inn på laboratoriet, der statsministeren og andre fekk sjå hundane i aksjon.

• Les meir om prosjektet: Kan hundar lukta kreft? (oktober 2015)

– Heile landet er viktig

I går fekk vi sjå statsministeren kyssa ein sel på Akvariet i Bergen, dagen i dag starta på ein hundeskule, der Erna òg var opptatt av å få helsa på dei firbeinte.

– Du har lagt opp til ein dyrisk start på turneen?

– Personleg er eg glad i dyr, men dette handlar om utradisjonelle arbeidsplassar. Er det noko Vestlandet treng, så er det fleire bein å stå på. Olje og gass blir viktig i mange år, samtidig er dette prosjektet både knytt til bransjen, samtidig som det viser korleis vi kan gjera oss nytte av dei utrulege sansane til hunden, seier Solberg til Midtsiden.

– Dette handlar om både sysselsetjing, forsking og gründerverksemd, og det har vore fabelaktig å bli kjent med selskapet og prosjekta.

– Kjem mykje av valkampen til å handla om arbeidsplassar og Vestlandet?

– Den kjem til å handla om heile landet. Alle emne og alle stemmer er viktige. No er det veldig bra i Nord-Noreg og i innlandet etter finanskrisa, då er det naturleg med fokus på Vestlandet.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Auka folkevekst i Os

21. august 2017

I Bergen kommune vaks innbyggartalet med 28 i 2. kvartal. Os kommune auka med 173.

bilde-midtsiden

Starta hausten med 13-1-siger

21. august 2017

5. og 7. div. er i gang igjen: Os 3 speler toppkamp i 6. div. kveld, i går skåra Aleksander Havsgård 7 mål for Nore Neset 2.