Lokal | 22. sep. 2011

Etterlyser vitner

Politiet etterlyser vitner til trafikkulykka på Ulvenvegen tysdag. Tilstanden for mannen (66) er framleis kritisk.

Etterlyser vitner
Andris Hamretorsdag 22. sep. 2011 08:38

Tysdag omlag 11.20 mista ein bil med fire ungdommar veggrepet og køyrde på ein 66-årig mann som var ute og lufta hunden.

Mannen er framleis kritisk skadd, melder Haukeland sjukehus torsdag førmiddag.

Føraren av bilen fekk rutinemessig beslaglagt førarkortet på staden.

- Vi har gjennomført avhøyr av dei fire ungdommane, men ønskjer på grunn av skadens alvorlege karakter å kartlegge hendinga grundigare, fortel lensmann Rasmus Dalen ved Os lensmannskontor.

Lensmannskontoret etterlyser no vitner som kan vera med å belyse bilen sin ferd før ulykka.

- Dei fire var på veg frå yrkesskulen og køyre Ulvenvegen retning Meny.

- Dei køyrde frå skulen omlag 11.15. Om det er nokon som har opplysningar som kan hjelpe med å belyse kva som skjedde, også i minuttane før ber vi dei kontakta oss, oppmodar lensmann Dalen.

Os lensmannskontor treff du på telefon 56 30 39 00 eller 480 02 480.

(Av omsyn til familien til den alvorleg skadde mannen har vi tatt vekk kommentarfunksjon til denne saka. Trafikktryggleik kan de gjerne diskutera på Midtsiden.no, men vi fann nokre av innlegga upassande som supplement til denne saka.)


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.