Lokal | 18. jan. 2018

Få minutt frå full overtenning

Ei kvinne var i huset då svart røyk kom ut frå eit opphaldsrom.

Få minutt frå full overtenning
Eit røykdykkarteam hindra overtenning då dei raskt fekk frakta ein brennande elektronisk gjenstand ut av bustaden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. jan. 2018 11:18

Bildeserie:

Brannvesenet var raskt på staden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Brannvesenet var raskt på staden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det var huseigar sjølv som varsla om brannen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det var huseigar sjølv som varsla om brannen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Varabrannsjef Arne Monsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Varabrannsjef Arne Monsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
Brannvesenet var raskt på staden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det var huseigar sjølv som varsla om brannen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Varabrannsjef Arne Monsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Klokka 10.51 torsdag formiddag kom det melding om brann i ein bustad i Furuflaten på Søfteland.

– Det var huseigar sjølv som meldte frå. Ho var åleine i huset då brannen oppsto, seier politiet.

Kvinna skal ha kome seg raskt ut og fekk flytta bilen vekk frå huset.

– Ho lukka døra etter seg og gjorde alt rett, seier varabrannsjef og innsatsleiar Arne Monsen.

Brannvesenet var på staden klokka 11.01.

Kan ha starta i ein høgttalar

Politi, ambulanse og brannvesenet var raskt på staden.

– Vi hadde full utrykking, altså både vaktlag og dagberedskap, 14 mann, inkludert eit røykdykkarlag.

Røykdykkarane lokaliserte brannstaden raskt. Røykkjelda var ein eletronisk «duppedings» inne i eit opphaldsrom.

Etter det Midtsiden kjenner til var det snakk om ein liten høgttalar av den typen du bruker til ein pc eller koplar til ein mobiltelefon.

–Årsaka er førebels uviss, vi oppretter sak og er tidleg i etterforskinga, seier politiet.

Kunne gått mykje verre

– Det var mykje røyk, men lite flammar. Vi tok denne ut av huset og fekk hindra spreiing av brannen utan bruk av vatn eller andre sløkkemiddel, seier Monsen.

Det er no full utlufting av røyk frå bustaden. Restverdibil er rekvirert frå Arna brannstasjon. Det er ikkje umogleg at det går an å bu i resten av bustaden allereie i dag.

– No i etterkant ser vi at det var sprekk på innsida av vindauget i rommet der det brann.

– Om vindauget hadde gitt etter, og vi hadde fått meir oksygen inn i rommet, kunne vi fort fått overtenning og ein større brann å sløkka. Det kan ha vore snakk om få minutt.

Fjerde brann på fem år

Dette var fjerde bustadbrann i same nabolag på fem år.

I 2013 blei to hundar frakta ut av ein bustad som sto i brann, i 2014 skapp eit hus unna utan skade etter ein pipebrann.

I februar 2016 blei 19 naboar evakuerte då ein bustad brann ned til grunnen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.