Sport | 15. mai 2015

Få trim og kunnskap på same tid

Sprekere: Med orienteringsklubben sitt nye tilbod - stolpejakt - kan du kombinera tur med kulturopplysing, og sanka poeng i kampen mot Askøy.

Få trim og kunnskap på same tid
Marie Pontoppidan frå Os orienteringsklubb scannar QR-koden på stolpen for å læra meir om det gamle kommunehuset (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 15. mai 2015 07:43

I april lanserte Os orienteringsklubb det nye turorienteringskonseptet - stolpejakt – for osingane.

– Lanseringsdagen blei ein suksess med stor interesse, både frå medlemmar i klubben og andre.

– Totalt har vi plassert ut 30 stolpar i og rundt sentrum. 16 av desse er ei kulturminneløype som vi har laga i samarbeid med Os kommune. Kartet til desse postane kan ein få gratis på kommunetorget, fortel Marie Pontoppidan i orienteringsklubben.

Scan koden og lær noko nytt

Stolpane du jaktar på er oransje og ein meter høge.

– Dei aller fleste er merka grøne i kartet og er lett tilgjengelege. Dei som er merka blå skal òg vera lett å finna, men dei kan ligga litt utanfor sti eller veg.

– På alle kulturminnestolpane, som tildømes den her ved det gamle kommunehuset, har ein QR-kode du kan scanna med telefonen din, om du har lasta ned ein høveleg app.

– Gjer du det, får du opp ei side kor du kan lesa litt om det aktuelle kulturminnet.

– Det er Tommy Sævareid som har gjort det meste av den jobben som ligg bak stolpejakta, og som skal ha skryt for den kjempeinnsatsen han har lagt ned, seier Pontoppidan.

Bruk det mot Askøy

Pontoppidan har sjølv meldt seg på i kommunekampen mot Askøy.

– Stoplejakta er ein strålande måte å koma seg ut på og er super å bruka når ein skal samla kilometer i kampen mot Askøy.

– Det passar både for dei som vil løpe eller familiar som vil ut på ein ettermiddags- eller søndagstur.

– Ein må ikkje ta alle stoplane på same tur. Her er det berre å henga seg på, oppmodar Pontoppidan.

Her kan du registrera deg i kommunekampen mot Askøy.

Lag din eigen konkurranse

Stolpane vil bli ståande til midten av oktober. I tillegg til å ta dei i kommunekampen mot Askøy, kan du jo òg utfordra naboen om å plukka flest mogleg poeng i sjølve stolpejakten.

– Når du er på ein post, så finn du eit nummer og ein kode. Denne kan du registrera via heimesida vår, osok.no.

– Der får du poeng, så då kan du jo utfordra naboen om å plukka flest mogleg.

– Har du lyst å ta meir enn dei 16 stolpane som er i kulturminneløypa, så kan du kjøpa kartet over dei resterande postane hos Best-stasjonen eller på nettet, forklarer Pontoppidan.

Om du tar alle dei 30 stolpane i rekkjefølgje, på éin gong, vil du legga bak ei god strekning.

– Medlemmar som tok alle stolpane den dagen vi lanserte det fortalte at dei hadde løpt mellom 8 og 10 kilometer, men vi hadde òg ein som sit i rullestol. Han tok dei fem første postane og fekk med seg kartet for å ta dei resterande seinare, så dette passar for alle, avsluttar Pontoppidan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.