Lokal | 12. juni 2017

Fann mynt på trappa

– Er det andre i Øyane som har oppdaga noko liknande? undrast innsendar.

Fann mynt på trappa
Oddbjørn Dyrdal. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. juni 2017 08:25

For to veker sidan åtvara politiet mot noko som kan verka merking av bustadar nokon vil bryta seg inn i.

Fleire medie, blant anna TV2, fortalte om funn av mynt på trappa ved fleire bustadar, blant anna i Florø. Også i Os er det innbyggarar som har funne mynt utanfor huset sitt, der dei veit at det ikkje kan ha vore mista pengar.

– Vi har hatt éi loggført melding etter at vi 31. mai gjekk ut og fekk dette belyst lokalt, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Midtsiden fekk i helga melding om funn av mynt på trappa til eit ektepar i Øyane.

– Vi har førebels ikkje fått inn rapport på dette, eller andre funn av mynt, denne helga, seier lensmannen.

Få teikn til mistenkeleg framferd

Dyrdal seier det har vore roleg i Os den siste tida, med tanke på aktivitet som kan setjast i samband med organisert, mobil vinningskriminalitet.

Dette gjeld både dørseljarar, melding om «snoking» i nabolag eller aktivitet som liknar på tigging.

• Les òg: Os innfører tiggeforbod

– Bra at folk er observante

– Statistikken for Os viser ein markant nedgang både i innbrot og i tjuveri frå bodar og garasjar, seier lensmannen.

• Les òg: Fire innbrot på to veker

– Likevel bør folk halda fram med å vera observante både på eigen eigedom og i nabolaget, og å sikra verdigjenstandane sine.

– Spesielt med tanke på at det no nærmar seg ferie, er dette viktig. Tenk også over kva du legg ut i sosiale media av ting som fortel omverda at du er vekkreist.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.