Lokal | 15. juli 2014

Fann tjuvgods hos gut (19)

... men mistenkte nektar for å stå bak innbrotet på Os vidaregåande skule.

Fann tjuvgods hos gut (19)
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. juli 2014 07:13

Måndag morgon blei det oppdaga at det har vore innbrot på Os vgs.

Nokon hadde brote opp ei dør og blant anna romstert rundt på nokre kontor.

PC, PC-utstyr og eit fotoapparat var blant det som var sakna.

Gut mistenkt

Politiet var på staden, sikra spor og gjekk i går til aksjon mot ein 19 år gamal gut.

– Vedkomande er ein kjenning av oss og vi fann tjuvgods heime hos han, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Nektar skuld

Mistenkte blei plassert i fengsleg forvaring, men vil ikkje bli framstilt for varetekt.

Han nektar ifølgje politiet for å stå bak innbrotet.

Krangel og trafikkontroll

Måndag i 22-tida rykte politiet også ut for å mekla mellom eit sambuarpar.

– Vitne ringte inn og fortalte om høglytt krangel. Kranglinga hadde heldigvis ikkje resultert i noko meir.

I 23-tida hadde politiet ein trafikkontroll på Halhjemsvegen.

12 bilar blei kontrollert der alt var OK.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.