Lokal | 17. jan. 2015

Fann Yngve sin stein – mellom to Kennedyar

I USA er det planta eit tre til minne om Yngve Køhler Raustein. Det er også lagt ned ein minnestein – og den er plassert i celebert selskap.

Fann Yngve sin stein – mellom to Kennedyar
Øystein og kona Elin Beathe ved inngangen til minneparken Garden of Peace. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. jan. 2015 08:41

Bildeserie:

Yngve Køhler Raustein då han studerte i USA. (Privat foto)
Yngve Køhler Raustein då han studerte i USA. (Privat foto)
Treet som er planta til minne om Yngve var flytta til ein midlertidig plass grunna anleggsarbeid. (Privat foto)
Treet som er planta til minne om Yngve var flytta til ein midlertidig plass grunna anleggsarbeid. (Privat foto)
I Garden of Peace har alle ofra fått kvar sin stein. (Privat foto)
I Garden of Peace har alle ofra fått kvar sin stein. (Privat foto)
Her er Yngve sin stein – mellom Robert og John F. Kennedy sine minnesteinar. (Privat foto)
Her er Yngve sin stein – mellom Robert og John F. Kennedy sine minnesteinar. (Privat foto)
1 av 4

Øystein Moberg, tidlegare styreleiar i Yngve Køhler Rausteins minnefond, fekk oppleva korleis Cambridge minnast osingen som i 1992 blei drepen då han studerte romfartsteknologi i byen.

Les òg: Dei siste kronene frå Yngve sitt fond

– Eg og kona mi, Elin Beathe, var på ferie i USA i sommar. Reisa blei avslutta på austkysten, og i nabobyen til Cambridge, Boston, bur tremenningen min, Eric.

Eric fortalte at det blei planta eit tre til minne om Yngve. Treet sto på campus nær plassen drapet skjedde, men var i sommar flytta til ein midlertidig plass grunna anleggsarbeid.

– Treet fann vi ved Garden of Peace, ein minnepark for innbyggarar i byen som har blitt drepen, anten i heimbyen eller andre stadar.

– Treet er av typen dogwood, som har fine kvite blomar og nokre raude bær. Og tok nokre bær med heim til Yngve si mor, Inghild, som no håper på å få frøa til å gro.

Mellom John og Robert Kennedy

I minneparken har kvart offer fått sin stein. Ekteparet Moberg fann også osingen sin stein, og blei overraska då dei såg kor fint selskap han har hamna i.

– Yngve sin stein ligg mellom John F. Kennedy og brore Robert sine steinar. Det var ein fin park og ei god oppleving å sjå desse minnesmerka, synest Øystein.

President John Fitzgerald Kennedy blei som kjent skoten og drepen i Dallas i 1963. Broren Robert, som var justisminister, blei drepen i Los Angeles fem år seinare.

Yngve sitt flagg på romferd

Også kort tid etter drapet på osingen Yngve blei det gjort stas på minnet hans.

Yngve studerte romferdsteknologi og eit norsk flagg han hadde på rommet sitt ved universitetet (MIT), blei tatt med på ei romferd i april året etter drapet.

Flaget blei seinare gjeve til familien Raustein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.