Svere Lunde Pedersen, her i drakta frå førre sesong, tok 3. plass på 5000-meteren i dag. (Foto: Reidar Langkjær)

Fantastisk 5000 meter av Sverre

Sverre Lunde Pedersen leia heilt til Sven Kramer gjekk i siste par.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ei sterk skøytehelg for Noreg, der Sverre Lunde Pedersen var med på å ta 2. plass i lagtempo fredag, blei i dag runda av med ein fantastisk 5000 meter av osingen.

Sverre gjekk i mål på tida 6:15.81, og leia fram til nederlandske Sven Kramer og Ted-Jan Bloemen frå Canada kom i siget.

Kramer og Bloemen var bak Lunde Pedersen i fire minutt, men fekk ned rundetidene og kom i mål på 6:12.88 og 6:14.95.

Sverre tok 3. plass og er strålande nøgd med eigen 5000 meter i verdscupopninga, som gjekk i Heerenveen.

– Eit kjempeløp!

– Det betyr mykje å opna så bra verdscupen. Eg kjente tidleg at det ville bli tøft å halda 29-talet heilt inn, men prøvde så godt eg kunne. Der er det eit forbetringspotensiale, seier Sverre til NRK etter løpet.

NRK sin skøyteekspert, Even Wetten, synest dette var eit kjempeløp.

– Han er sjeldan så nær Kramer. At Bloemen snik seg inn i mellom dei to får vi godta, dei er verdas beste, seier Wetten.

Håvard Holmefjord Lorentzen tok tre medaljar i helga. Neste verdscup går på heimebane, i Stavanger om ei veke.