Sport | 20. nov. 2013

Får personleg sponsor

Sverre Lunde Pedersen får tryggleik til å satsa. StorBergen Boligbyggerlag går inn som personleg sponsor.

Får personleg sponsor
StorBergen-direktør Anne Gine Hestetun saman med skøytestjerna frå Os. (Foto: Vidar Langeland)
Andris Hamreonsdag 20. nov. 2013 10:57

Sverre Lunde Pedersen har lenge gått med eit tomt felt på venstre skulder kor den personlege sponsoren kan få promotera seg. Onsdag signerte skeisetalentet frå Os avtalen med StorBergen Boligbyggerlag om ein personleg sponsorkontrakt.

– Eg er avhengig av gode støttespelarar som kan hjelpe meg på veg til toppen, fortalde Sverre Lunde Pedersen til nrk.no då avtalen blei presentert.

Kom i hamn tysdag kveld

Sverre og far Jarle Pedersen, kom tysdag ettermiddag heim til Os etter ein vel 20 timars lag reise frå Salt Lake City kor Sverre i helga satte 3 personlege rekordar under worldcup-stemnet. Heimreisa blei meir stevsom enn venta, då dei måtte lande i Stavanger i staden for på Flesland grunna snøvêret, men dette tok ikkje meir krefter frå unguten enn at han kunne ferdigforhandle avtalen med StorBergen tysdag kveld.

– Sverre kom tysdag tilbake frå USA, med tidenes nest raskaste norske 5000 meter i bagasjen.

– Han har hatt ein fantastisk start på sesongen, kor EM, VM og OL er opplagte høgdepunkt.

– Vi er glade for å støtta den talentfulle skeiseløparen på veg mot desse, seier Espen Børhaug, kommunikasjonssjef i StorBergen Boligbyggerlag.

Innholdet i avtalen er ikkje kjend, men det er liten tvil om at avtalen er av avgjerande betyning for Lunde Pedersen si vidare satsing mot verdstoppen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.