Næringsliv | 17. juni 2016

Får servera ute

Berre dagar etter at iSushi laga platting for å skjerma det tidlegare bedet kan dei no ta den i bruk som uteservering. I dag kom bruksløyvet.

Får servera ute
No kan iSushi ta i bruk plattingen til å servera ute på fine sommardager (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 17. juni 2016 13:17

Tysdag blei det bygd ein platting foran iSushi. Innehavar Roger Johannessen fortalde at det ikkje var eit forsøk på å ta avgjerda om uteservering på forskot, men for å dekka til bedet som huseigar nyleg fjerna buskane frå.

No kan han ta i bruk plattingen til å servera osingane.

I dag kom nemleg telefonen frå byggjesaksavdelinga med beskjed om at dei får godkjend uteserveringa på vilkår i tråd med Statens Vegvesen si tilråding.

Desse seier at det skal vera 3 meter fortau på utsida og at godkjenninga gjeld midlertidig for 5 år.

– Enno gjenstår serveringsløyvet. Der har vi ein søknad inne, fortel Roger Johannessen.

Mindre skeptiske

Statens Vegvesen var i uttala til nabovarselet skeptiske til ei uteservering.

I sitt svar til kommunen på dispensasjonssøknaden frå byggjegrensa uttalar vegvesenet no:

–Os kommune opplyser at uteserveringa vil ligge 2,7 meter frå vegkant på fylkesvegen, om lag 6,5 meter frå senterlinje veg. Fortauet vil ha ei breidd på 3 meter etter at uteserveringa er etablert, dvs. at avstanden vert auka noko i høve til dagens situasjon.

– Statens vegvesen legg til grunn kommunen si opplysning om at det næraste bygningsdel for uteserveringa blir 3 meter frå vegkant.

–I dispensasjonsvurderinga må ein sjå til at tilhøva til dei mjuke trafikantane er godt nok i varetatt i dispensasjonsperioden. For å gjere det må det settast av minimum 3 meter ferdselssone på fortauet. Dersom det er aktuelt med skilting, må det settast av minimum 0,4 meter til ei skiltsone.

– Det er etablert parkering langs delar av veggfasaden på bygget. Vi rår til at kommunen ryddar i dette, slik at det vert eit klart definert fotgjengarareal, og slik at ein unngår at parkerte bilar ryggar ut i fylkesvegen.

Vegvesenet kjem med dette til følgjande konklusjon:

«Vi rår til at dersom kommunen vel å gje dispensasjon til tiltaket, så må det vere midlertidig i tre år, maksimalt 5 år. Det må og setjast som vilkår at breidde på fortau skal vere minimum 3 meter. I tillegg må ei eventuelt skiltsone ha minst 0,4 meter.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.