Kultur | 23. jan. 2012

Feirar med spelemannslaget

Både Os spelemannslag og Os folkedanslag er med når Os musikkforening søndag byr på årets nyttårskonsert.

Feirar med spelemannslaget
(Foto: Mette Midtseter)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. jan. 2012 12:24

Søndag 29. januar inviterer janitsjaren i Os musikkforening til den årlege nyttårskonserten!

– I år har vi bede Os spelemannslag om å feira det nye året saman med oss, og vi ønskjer velkommen til ein variert konsert i Oseanasalen, seier Ruth Elin A. Midtbø.

Os spelemannslag byr på både reinlender, hamborgar, vals og slåttemusikk. Dei har eit samarbeid med Os folkedanslag som vil nytta høvet til å visa fram nokre dansar medan spelemannslaget spelar. I tillegg vil tidlegare medlem av laget, Eirin Røykenes, kveda.

Os spelemannslag er eit lite, men eksklusivt lag som øver i Oseana.

– Dei har eit stort ønskje om at Os kulturskule vil oppretta ei eigen folkemusikkline, det ville nok gjeve vekst i laget samstundes som viktige musikktradisjonar ville bli ført vidare på ein god måte.

Janitsjaren, med sin dirigent Rune Hanisdal, stiller som vanleg med eit variert og spanande program.

– Det er funne plass til mykje - mellom anna korpsmusikk av Gustav Holst, ein russisk marsj, musikk som høyrer heime på ein nyttårskonsert og morosam musikk av den lette sorten. Solistar frå egne rekkjer blir det òg.

– I tillegg til den musikalske opplevinga blir det anledning til å slå av ein prat med kjente og andre musikkvener i pausen. Alt ligg til rette for ein hyggjeleg kveld frå klokka 18 og utover, seier Midtbø..

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.