Sport | 04. aug. 2017

Fekk 2. plass i Norway Cup

Madelen gav Bønes leiinga og fekk mykje ros av TV2-kommentatorane, men så tok Askøy over.

Fekk 2. plass i Norway Cup
Bønes J19. Madelen i midten på bakerste rekke. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. aug. 2017 13:27

Madelen Koldal Holme (15) frå Lysekloster spelte i dag finale for Bønes i Norway Cup klasse J17/18/19 7-ar.

Kampen blei sendt direkte på TV2 Sumo. (Her kan du sjå kampen)

Bønes opna lokaloppgjeret best, hadde ballen mest og skåra det første målet.

– Ho er lynrask og teknisk, ei jente med spesielle eigenskapar. Det er berre til å gje ballen til Madelen, så skjer det ting, sa kommentatorane, Kasper Wikestad og Erik Thorstvedt.

Så sette Madelen inn 1-0!

Men etter 1-0-leiing kom to raske mål av Askøy, som også har vunne Norway Cup før.

Askøy overtok spelemessig og gjekk opp i 5-1 før Bønes reduserte til 5-2, som blei sluttresultatet.

To pasningar til Holme dei siste minutta gav Bønes håp om yttarlegare redusering, men toppskåraren frå Os blei godt passa på og fekk ikkje fleire gode avsluttingar i finalen.

Dermed enda det med 2. plass til Bønes og Madelen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.