Lokal | 28. sep. 2016

Fekk fullt gjennomslag

Gisle Hesjedal (Ap) fekk full støtte frå eit samla kommunestyre. Os melder seg inn i Transparency International Norge.

Fekk fullt gjennomslag
Gisle Hesjedal (Ap) fekk full støtte i interpellasjonen om at Os kommune skulle melda seg inn i Transparency International Norge (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 28. sep. 2016 10:11

Allereie før møtet fekk Hesjedal støtte frå politiske motstandarar i interpellasjonen om at Os kommune skulle melda seg inn i Transparency International Norge (TI) som eit ledd i å bekjempa korrupsjon og fremje enno større grad av openheit kring beslutningar fatta av og i kommunen.

Ordførar Terje Søviknes (Frp) som måtte svara på interpellasjonen sa at sjølv om han meinte kommunen var godt dekka gjennom sitt eigne etiske regelverk, så ville han støtta forslaget, men at det blei finansiert gjennom formannskapet sitt disposisjonsfond og ikkje kommunestyret sitt.

Må ikkje bli avlat

Espen Aspenes (Frp) likte ideen.

– Ideen om å melda seg inn i TI er god, men eg fryktar at vi kjøper oss ein form for avlat. Vi har fleire dømer på at vi melder oss inn i gode organisasjonar, til dømes FairTrade, men kva får vi igjen for det. Difor meiner eg at vi bør ha med eit kulepunkt som serier at vi skal evaluera begge desse om eit par år.

Han fekk støtte frå Marie Bruarøy (H) som starta innlegget med å takka Nils-Anders Nøttseter (MDG) som brakte temaet først på banen.

– Då han brakte det på banen var eg litt sånn "er det nødvendig", men etter å ha satt meg meir inn i det så har eg konkludert med at det er for dumt å ikkje melda seg inn. Men det må ikkje berre bli eit klistremerke på veggen. Vi må vera bevisste på det vi gjer i kommunen. Det skal vera openheit i alt vi gjer, i heile organisasjonen.

Korrupsjon er ikkje fint

Nøttseter, som kom med det opprinnelege forslaget, var glad for at Hesjedal igjen hadde brakt det på banen.

– Eg sett pris på det eg opplever som eit samla fleirtal for innmelding her. Eg har nettopp kome heim frå Angola, og korrupsjon i alle sine former er ikkje fint. Eg er òg heilt einig med Aspenes i at det er fornuftig med ei evaluering av dette, oppsummerte Nøttseter.

Framst i pannebraksen

Rådmann Christian Fotland såg berre positivt på at han no blei pålagt å melda kommunen inn i TI.

– Korrupsjon og etiske ferdigheiter handlar om holdningar og kultur, bevisstgjering og medviten. Kvar dag så spør vi oss om dette er greitt eller ugreitt i administrasjonen. Det er tema på alle ledermøter, både med politisk leiing og i rådmannen si leiergruppe, så vi har allereie systemer på dette, men eg er sikker på at ei innmelding berre vil vera med på å styrka det arbeidet vi allereie gjer. Det vil vera med å skapa ei enno større bevisstgjering i heile organisasjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.