Kultur | 26. mars 2013

Fem dagar til opning

Gjennomtenkt og gjennomført: Er-An Veikro blir ein hyllest til rock 'n' roll, amcar og USA på 50- og 60-talet.

Fem dagar til opning
– Vi hadde bestilt ein front på ein bil frå USA, men då møbelet ikkje kom stilte rett og slett naboen opp og donerte oss ein heil 67-modell Cadillac, seier Linda og Hanne nøgd. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. mars 2013 15:28

Bildeserie:

Nye Er-An Veikro er ein hyllest til USA, rock 'n' roll, 50-talet og am-cars. (Foto: KVB)
Nye Er-An Veikro er ein hyllest til USA, rock 'n' roll, 50-talet og am-cars. (Foto: KVB)
Linda og Hanne har fått naboen sin Cadilllac inn i restauranten. (Foto: KVB)
Linda og Hanne har fått naboen sin Cadilllac inn i restauranten. (Foto: KVB)
Restauranten er på 135 kvadratmeter. (Foto: KVB)
Restauranten er på 135 kvadratmeter. (Foto: KVB)
Jukeboxen kom til Søfteland frå USA onsdag i førre veke. (Foto: KVB)
Jukeboxen kom til Søfteland frå USA onsdag i førre veke. (Foto: KVB)
Det er ikkje akkurat slurva med bardisken heller. (Foto: KVB)
Det er ikkje akkurat slurva med bardisken heller. (Foto: KVB)
ORBO-produsent Eric Jaskowiak frå USA er i Noreg på dugnad. (Foto: KVB)
ORBO-produsent Eric Jaskowiak frå USA er i Noreg på dugnad. (Foto: KVB)
Dei tilsette klare for siste briefing før opning. (Foto: KVB)
Dei tilsette klare for siste briefing før opning. (Foto: KVB)
På utsida kjem ein fin terrasse ut mot vatnet. (Foto: KVB)
På utsida kjem ein fin terrasse ut mot vatnet. (Foto: KVB)
Med hyttene og kanoutleige i bakgrunnen. (Foto: KVB)
Med hyttene og kanoutleige i bakgrunnen. (Foto: KVB)
1 av 9

– Det blir pannekaker med lønneberg-sirup, seier Hanne.

– Og logoen kjem på taket, og vi får eigne buttoms, påstår Linda.

Men det er verken snakk om Astrid Lindgrens ingrediensar eller nye rumper på Røykenes.

Mor og dotter Andersen er rett og slett overtrøytte på tampen av ein hektisk byggeperiode, men er som vanleg sprudlande blide, og svært entusiastiske tre dagar før dei skal opna for inviterte gjestar.

Sesongstart "som vanleg"

Vegkroa har som vanleg hatt vinterstengt frå i haust til påske.

Les òg: Frå Rio til Røykenes

Forskjellen på denne vinteren og tidlegare vintrar er at familien Andersen har brukt november til mars på å bygga eit nybygg tilsvarande to små einebustadar, 265 kvadratmeter grunnflate pluss loft.

I tillegg er dei no ferdige å innreia ein heilt ny restaurant.

Les òg: Rocka veikro-utviding

Ein ny restaurant med 60 kvadratmeter kjøkken, kjøl og fryst, og 165 kvadratmeter med sitjeplassar, står fredag klar til opning.

– Vi har inviterte gjestar i to fullsette lukka lag fredag og laurdag kveld, med Twang Gang på scenen og spareribs på menyen.

– Søndag 31. mars er vi, som tidlegare år i førre vegkro, klare for sesongstart, seier Linda Andersen nøgd.

No skal det drivast året rundt på Røykenes.

Tru mot grunntankane

Er-An Veikro blir ein hyllest til det Linda og dottera Hanne har hatt som grunnidé frå første stund; rock 'n' roll, bil (les: amcar) og amerikansk stil frå 50- og 60-talet.

– Vi har hatt ei tjukk bok med idear, men alt har blitt mål opp mot desse tre punkta. Det må vera ekte og amerikansk - og stemma med stilen.

Dei har også hatt ei anna liste, med pluss og minus frå andre restaurantar, frå "spion-turar" i Noreg og USA.

– Det har vore ein lærerik prosess, vi har funne mykje til ønskelista, både av innreiing og arbeidsrutinar, og ein del på lista over korleis vi IKKJE vil ha det.

"To: Hanne Anderson"

Øvst på ønskelista sto ein bestemt type jukebox som jentene såg på Graceland og på Heartbreak Hotel, der dei budde då dei var i USA i fjor vinter.

Les òg: Tatt på senga - i USA

– Det var stor stas då jukeboxen kom inn dørene onsdag i førre veke. Det var ekstra stas for Hanne, seier Linda, før dottera forklarer.

– Det sto "To: Hanne Anderson" på pakken med store bokstavar. Jukeboxen er MIN, ler Hanne Catrine.

Jukeboxen kan ta 80 cd-plater og er allereie i drift. Dei første platene som blei putta i boksen er av ORBO & The Longshots, Elvis Presley og Jerry Lee Lewis.

I tillegg til store og små detaljar i innreiinga er menyen tydeleg prega av ideane. Enkelte rettar har namn etter låtar i jukeboxen, som spareribsen, som heiter Oobey Dooby, det same som den første låta Roy Orbison spelte inn i Sun Studio.

Over bekken etter Cadillac?

Ikkje alt som har vore bestilt frå utlandet har kome presis.

– Vi skulle få fronten på ein Cadillac, til å henga på veggen, men den kom aldri.

– Men der stilte naboen (!) opp og gav vekk sin 67-modell Cadillac, altså heile bilen, i gåve! fortel dei to.

Bilen er bokstavleg talt høgd opp og fronten er på plass. Hanne og Linda har også planar for bakre del av bilen, men vil førebels ikkje røpa dei.

– Alle hjelper til

Jentene på Røykenes fortel om hektiske, men kjekke månadar med restaurant-bygging.

– Arbeidsfolka og andre som kjem til for å hjelpa har stått på noko enormt! Og vi har hatt det veldig kjekt i heile byggeperioden!

– Men utan drengen min hadde dette aldri gått, seier Linda om mannen Dag.

– No har vi auka frå 9 til 13 tilsette og utanom litt handverkaroppgåver, som elektronikk, rør og ventilasjon, så har vi siste briefing med dei tilsette igjen, og det å få varene på plass, før vi fredag endeleg kan ta restauranten i bruk!

Amerikanske pannekaker (med lømme-sirup), spareribs, burgarar og indre- og ytrefilet er blant det som står på menyen.

– Til menyen og til kursing har vi fått fanstastisk hjelp av Børge Brekke (tidlegare NM-deltakar i kokekunst og kjøkkensjef på Bjørnefjorden Gjestetun, red mrk) frå Bama. Vi gler oss stort til å testa den ut på gjestane våre, seier Linda og Hanne Catrine Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.