Sport | 03. okt. 2011

Fem timar framfor nestemann

Thomas Andersen har gjort det skarpt i nok eit løp som kallar seg Noregs hardaste.

Fem timar framfor nestemann
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. okt. 2011 12:13

Osingen Thomas Andersen (37), som er på landslaget for lange terrengløp, har igjen vist seg som ein av dei beste i Noreg.

I fjor vann han både Styrkeprøven Rett Vest (50 km på 5.40) og Noregs hardaste fjelløp, Hornindal Rundt (70 km og 5200 høgdemeter på 10.42.25).

I år har han blant anna tatt sølv i det 110 km lange pulkløpet han vann i fjor og VM-bronse med landslaget. Laurdag tok han sølv i det knallharde, nystarta, 82 kilometer lange Nordmarka Ultra Challange.

– Det blei eit slit på fleire måtar, det å finna fram blei mykje vanskelegare enn venta, seier Thomas, som sprang i mål på 11.51.25, over 5 timar framfor nestemann (!).

Berre 5 av 20 fullførte

Løpet, som gjekk frå Grua til Grefsenkollen med 17 sjekkpunkt, er på 82 kilometer med 2500 meter høgdemeter å jobba seg opp.

I tillegg til den store distansen var terrenget krevjande og løypa og postane dårlegare merka enn Andersen hadde håpa på.

– I tillegg til det å springa i 12 timar i strekk var det å vera usikker på om eg var på rett veg ei psykisk påkjenning Eg sprang feil fleire gongar, dei to verste feilskjæra tapte eg 20 og 30 minutt på.

Sjekkpunkta var ikkje merka med flagg, deltakarane måtte leita seg fram til brikka for stempling.

– Eg trudde lenge at eg låg sist, men forsto utover i løpet at dette nok var ein dag der fleire kom til å bomma.

Ingen av kvinnene fullførte og berre fem av dei i herreklassen fekk godkjent løp. To andre kom også i mål, men dei hadde nokre postar dei ikkje hadde vore innom, så dei blei diska.

Åt eit kilo med gel

Det var ikkje lagt inn pausar eller matstasjonar i løypa. Også drikke måtte løparane ta med sjølv.

– Eg sprang med ein sekk som vog rundt tre kilo då vi starta.

– Eg blir kvalm når eg tenkjer på det etterpå, men det gjekk faktisk med eit heilt kilo med gel, ler Thomas, som no er på tampen av sesongen.

Resultat, Nordmarka Ultra Challange 2011

1. Simen Rustad: 10t 39m 52s

2. Thomas Andersen: 11t 51m 25s

3. Olav Hafstad Augdal: 16t 58m 54s

4. Dagfinn Mo: 16t 59m 50s

5. Runar Thorstensen: 17t 30m 36s

Ekstern lenkje: Arrangøren si heimeside

Litt motbakke

Andersen, som liker betre å springa bortover enn oppover, har også vore med i nokre motbakkeløp i det siste.

Stoltzen gjekk unna på 11.05, Liafjellet Opp på 11.12. Rett Vest valte han vekk for å delta på Ultra-Birken, men Ultra-Birken blei avlyst grunna mykje vatn i løypa.

– Eg var også med på Vøringsfoss Race. Der betra eg tida mi, men det blei 2. plass i år også.

Andersen vann i forfjor, men hamna bak Sjur Børsheim både i fjor og i år.

No er seongen meir eller mindre.

– Det blir kanskje nokre halvmaraton utover hausten, elles blir det trening i fjella rundt Os og Bergen, seier Thomas Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.