Kultur | 12. okt. 2015

Fire tiår med Elton John

Målet er å setja opp showet på Broadway og i Las Vegas, men først skal osingane få oppleva hyllesten av Elton John.

Fire tiår med Elton John
C.J. Marvin set opp feiringa av Elton John på Oseana laurdag. Innfelt då C.J. møtte Elton John i 1980 (foto: Andris Hamre/privat)
Andris Hamremandag 12. okt. 2015 13:04

Det manglar ikkje på glød, entusiasme, kostymer og rekvisittar når C.J. Marvin hyllar eit av sine store forbilde sir Elton John i «The Elton Show – A celebration of the Rocket Man» i Oseana førstkommande laurdag.

Då blir det alt frå «Saturday night´s alright for fighting» og «Rocket man» til «Goodbye yellow brick road» og «Your Song».

– Det finst mange tribute-show rundt i verda for Elton John, men vi ønskjer å vera mykje meir. Vi skal feira fire tiår med Elton John sin musikk på den måten han sjølv har formidla den frå scenen, fortel C.J. Marvin, som sjølv møtte Elton John for første gong som sekstenåring på heimstaden Melbourne i Australia.

Med den originale trommeslagaren

Den hardtarbeidande artisten, med base delvis i Os, har gjennom åra møtt Elton John og musikarane i bandet hans fleire gonger. Ein av dei er tommeslagar Charlie Morgan, som debuterte med Elton John under Live Aid-konserten på Wembley i 1985.

– Charlie Morgan møtte eg første gong i 1992. Då eg bestemte meg for å laga ei skikkeleg feiring av Elton John sin musikk i fjor ringte eg han for å høyra om han kunne tenkje seg å vera med. Heldigvis sa han ja og kom til Haugland for å øva med meg og resten av bandet.

Sjå Midtsiden sin video frå øvingane på Haugland i april 2014.

Veldig nær originalen

Øvingane resulterte i eit show på USF Verftet for å produsera promo-video og opptak til å kunne nytta i forsøka med å selje inn showet ute i verda.

– I følgje Charlie blei showet det næraste du kjem originalen. Og no har vi raffinert det enno meir, så eg gler meg til å invitera osingane og folk frå nabokommunane til ein fantastisk kveld i Oseana, smiler Marvin.

– Charlie og resten av bandet, som er frå mest heile Europa, kjem til Os i morgon for å ta den siste finpussen før laurdagens show. Charlie kjem faktisk rett frå USA kor han har gjort nokre jobbar saman med fleire av medlemmane i The Who.

Ting på gang i USA

Etter framsyninga på USF Verftet tok han med seg Os-kjæresten Veronica Haugland til New York for å sjå om showet kan vera aktuelt å setta opp der borte.

– Vi fekk kjempegod respons og har allereie fått på plass eit crew som skal hjelpe oss.. Går alt som vi håpar og trur, så vil showet bli å sjå på scenen i Broadway og Las Vegas i løpet av dei par neste åra, avsluttar C.J. Marvin.

Med seg på scene har C.J. Marvin Charlie Morgan (trommer), Maurizio Vercon (gitar), Alessandro Leonzini (bass), Giancario Spirito (perkusjon), Ray Johnson (keyboard) og koristane Marianne Moen, brasilianskfødde, men Os-busatte Fabiana Tavares og Giulia Crocini.

Etter showet på Os skal bandet spele tre show i Mandal i midten av desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.