Freyr fann ut at dette treet hindra drenering på nedsida av butikken. Kort tid seinare var problemet løyst. (Privat foto)

Fiskar Freyr fiksa flaumproblemet

– Eg tenkte ikkje på å spørja nokon.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag morgon blei det oppdaga at kjellaren på fiskebutikken Isfisk i Elvebakken var fylt med vatn. Straumen var gått på morgonkvisten og innehavar Freyr sto i fare for å mista fleire hundre kilo med fisk mens bekken rann inn i huset.

Så gjekk han laus på eit tre.

– Som eg sa til deg på morgonen så såg det ut som om det var dårleg drenering nede i gata her. Eg tenkte at trestamma og rota som sto der, kanskje sto i vegen, så eg hogg det ned og slepte det ut av bekken med bilen min.

Den handlekraftige islendingen tenkte ikkje på å spørja nokon om verken hjelp eller løyve.

– Eg hadde ikkje tid til å venta på planlegging og møter. Kva skulle eg gjera, då, lageret mitt var fylt med vatn? Treet var dessutan døydt, berre stamma sto igjen.

Held nattevakt

Med kjellaren fri for vatn fekk han tilkomst til kjølerommet, som var tørt og uskadd. Ein fryseboks blei skadd, men varene er redda.

– Eg opna butikken i 11-tida. Det blei i grunnen ein god dag, sjølv om starten var dårleg.

– No skal eg bli her i natt for å sjå at vi kjem oss greit gjennom stormen som er meldt.