Kultur | 28. okt. 2011

Første gong med eigne låtar

Sundag spelar ho på heimebane, for første gong med eige materiale.

Første gong med eigne låtar
Andris Hamrefredag 28. okt. 2011 08:36

Sist Annveig Myklebust Fjellstad vitja Os spelte ho med Songbirds i Os kyrkja. Då var det låtar av mellomanna Iron Maiden, Cyndi Lauper og The Beatles som sto på reportoaret.

Sundag tek Annveig med seg gode musikkvener til Galleri Solbakkestova for å presentere meir eigenprodusert materiale.

- Det blir mange av mine eigne låtar, men ein og anna coverlåt snik vi innimellom.

Ikkje plate enno

Annveig Myklebust Fjellstad har halde på med musikk i 12 år, men først dei siste månadene har ho satt av tid til å prioritera musikken og sine eigne låter.

- Det har vore utruleg kjekt å ta seg tid til å fokusera på seg sjølv og musikken. Difor blir det spennande å presentere låtane for Ospublikummet på sundag, fortel Annveig.

- Kan vi venta ei plateutgiving frå deg no då?

- Eg har ikkje dei heilt store ambisjonane om plateutgiving enno, men det er klart at om publikum liker det dei får høyre og det er eit marknad for det så hadde det vore kjekt å gi ut ei plate, smilar Annveig Fjellstad.

Frå ungdomsskule til pensjonistar

Sundagens konsert i Solbakkestova klokka 19 favnar eit breitt publikum.

- Billettsalet har vore bra, og det er ei stor spredning i publikummet frå ungdomsskuleelevar til pensjonistar.

- Dei kan venta seg ei blanding av pop, rolege viser og jazzinspirerte toner, forklarar songaren.

Første gong saman

Med seg på scena har ho fått dyktige musikarar som pianist Stein Bakke, bassist Arne Hernes, gitarist Henrik Johannessen og trommis Ken Williams.

- Eg har ikkje eit fast band som eg spelar med, så det blir ei heilt ny oppleving for både oss og publikum.

- Dei er utruleg dyktige musikerar som eg gler meg stort til å spele saman med, avsluttar Annveig Myklebust Fjellstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.