Lokal | 12. mai 2015

Første mål: Os

1. mai la ekteparet Liv og Magnus Bryngelsson ut på ein tur som skal vara i 3,5 år. Første mål var å feira 17. mai i Os.

Første mål: Os
Det blide paret frå Gøteborg gler seg til å oppleva verda med seglbåten Nanny. (Foto: Kari M. Lyssand)
Kari M. Lyssandtirsdag 12. mai 2015 20:15

Bildeserie:

Alt er nøye pakka og sortert. (KML)
Alt er nøye pakka og sortert. (KML)
Nanny er klar for det store eventyret. (KML)
Nanny er klar for det store eventyret. (KML)
I desse dagar ligg Nanny trygt i hamn ved Oseana. (KML)
I desse dagar ligg Nanny trygt i hamn ved Oseana. (KML)
1 av 3
Alt er nøye pakka og sortert. (KML)
Nanny er klar for det store eventyret. (KML)
I desse dagar ligg Nanny trygt i hamn ved Oseana. (KML)

Innst på gjestebrygga ved Oseana la ein seglbåt med navn Nanny til kai måndag. Om bord sit Liv og Magnus i det som skal vera heimen deira i over tre år.

– Det er litt rotete her no, for baugpropellen blei ødelagd, og for å koma ned til den så må vi flytta rundt på ein del ting, forklarer Liv.

At baugpropellen rauk ser ikkje det blide ekteparet på som noko krise.

– Os er den einaste staden vi hadde sett ein tidsfrist for å nå, vil ville vera her under 17. maifeireinga. Etter den har vi ikkje noko tidspress.

Det har enno ikkje gått opp for dei at langturen har starta.

– Det er heilt utruleg, eg kan ikkje forstå at tida vi har venta så lenge på er komen.

Planlagt tur i 5,5 år

Seglbåten «Nanny», ein Hallberg Rassy Rasmus 35 frå 1973, kjøpte dei i 2004, og for fem og eit halvt år sidan byrja ekteparet frå Gøteborg å planlegga og spara opp til den lange reisa.

– Vi har alltid visst at vi kom til å gjera det, spørsmålet har vore kor tid vi skulle reisa, fortel Liv, som har segla heile livet.

Magnus og Liv blei einige om at dei ikkje ville gjera som så mange andre som reiser etter at dei har blitt pensjonistar, det hadde dei ikkje tid å venta på.

– Vi kunne ikkje venta 25 år, men ville gjera det no mens vi framleis er friske. Du veit jo aldri kva som kan skje.

Ikkje noko problem for borna

I Gøteborg har Liv og Magnus to vaksne born på 21 og 23 år, og for dei var det ikkje noko problem at foreldra ikkje kjem heim på ei god stund.

– Dei har lenge visst at vi skulle reisa så det er heilt normalt for dei. Begge to har flytta ut og dei har god støtte i familie og venar heime.

Ekteparet har òg kommunikasjonsutstyr som internett, kortbølgeradio og satellittelefon om bord, så dei kan halda kontakten med dei heime.

– Og så kjem dei jo på besøk, og kanskje dei blir med og seglar litt viss dei vil det.

Saknar Kaien-burgeren

Det tok Liv og Magnus 11 dagar å segla frå Gøteborg til Os, men då har dei hatt fleire stopp på vegen.

– Vi har segla dette strekket ein del og du veit aldri kor lang tid det tar, alt frå tre døgn til tre veker.

For Liv så er det veldig spesielt å koma tilbake til Os. Her pleide ho å vera kvar einaste sommarferie då ho var liten, saman med foreldra, to søstre og ein bror.

Far til Liv, Norvald Midtseter, vaks opp på Midtbø før han flytta til Sverige på 50-talet, då han møtte ei jente frå Värmland.

– Eg har mange gode minne frå tida eg var i Os, vi segla og fiska, og så hadde eg sommarjobb på Kaien.

– Eg er forresten veldig skuffa over at eg ikkje får burgeren frå Kaien lengre, for det var alltid noko eg såg fram til då eg var yngre.

To søsken i Os

Av dei fire søskena har to av dei, Mette og Nils Midtseter, funne vegen til fars heimstad og bur no i Os.

– Nils har overtatt barndomsheimen til far og eg kjenner at eg er ekstra knytta til denne staden. Os har ein stor plass i hjarta mitt.

Sist gong Liv feira 17. mai i Os hugsar ho godt.

– Det var det året Bobbysox vann Melodi Grand Prix og eg hugsa at den songen gjekk på repeat heile dagen, seier ho og ler.

Kva dei skal finna på denne 17. mai veit ho lite om, for Liv og Magnus har no byrja på livet der dei tar det som det kjem.

– Eg reknar med at familien har planar, så vi får følgja etter dei.

Har ikkje hastverk

Til helga kjem òg den siste av søskena frå Sverige og alle vil vera samla i Os.

– Det er lenge sidan vi alle har vore saman så det blir kjekt.

Når Liv og Magnus finn ut dei skal vidare så er neste mål Shetland. I jula er planen å vera på Kanariøyene, før dei set kursen mot det store målet, som er Karibien.

– Kor vi tar vegen etter det har vi ikkje bestemt enno. Vi har ikkje hastverk, vi vil oppleva.

Vil du følgja Liv og Magnus Bryngelsson på reisa deira kan du gå inn på www.nanny166.se.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.