Lokal | 06. mai 2017

Første samling med Os Sjakklubb

Godt oppmøte, smarte opninar og full konsentrasjon då nystifta Os Sjakklubb torsdag hadde første spelesamling.

Første samling med Os Sjakklubb
Emil og Selma i full fokus. – Ja, vi har spelt før, og nei, det er ikkje vanskeleg. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 06. mai 2017 06:55

Bildeserie:

16 unge og nesten like mange vaksne dukka opp til første spelesamling. (Foto: AH)
16 unge og nesten like mange vaksne dukka opp til første spelesamling. (Foto: AH)
Daniel ønskte velkomen. (Foto: AH)
Daniel ønskte velkomen. (Foto: AH)
1 av 2
16 unge og nesten like mange vaksne dukka opp til første spelesamling. (Foto: AH)
Daniel ønskte velkomen. (Foto: AH)

Daniel Skotheim tok like etter påske initiativ til å danna sjakklubb i Os, då han oppdaga at det ikkje var klubb i heimbygda. Torsdag kunne han saman med Kay Even Hægland og Dmytro Ostanin invitera til klubben sin første klubbkveld.

– Det blir spennande å sjå kor mange som dukkar opp, smilte ein lett nervøs Skotheim rett før klokka bikka 17.

Ute var det strålande sol, eit vêr mange har sett pris på veka etter at det sludda og snødde i Os.

Godt frammøte

Skotheim hadde ikkje grunn til å uroa seg, inn dørene kom heile 16 unge spelarar, og nesten like mange vaksne, for å prøva å setta kvarandre sjakk matt.

Skotheim ønskja alle hjarteleg velkomne og slo fast med éin gong at det må bli faste klubbkveldar.

– Vi har førebels ikkje sett det opp, men det skal vi få til. Er de einige i det?

– Jaaa! kom det unisont frå utålmodige sjakkspelarar, som heller ville spela enn å høyre på initativtakaren, men som tok seg tid til å svara stadfestande på at dei visste kva sjakk matt betyr.

Vanskeleg? Nei!

Rundt borda blei konsentrasjonen raskt høg då matchene kom igang. Emil og Selma, som begge går i første klasse, hadde funne fram til kvarandre og var samde i at det var gøy.

– Har de spelt før? undra Midtsiden sin utskremte.

– Ja, det har vi.

– Kvifor spelar de sjakk då?

– Fordi det er gøy, og nei det er ikkje vanskeleg, var det kontante svaret vi fekk då vi stilte det dumme spørsmålet om ikkje sjakk er eit vanskeleg spel.

Fleire samlinger

Sjakklubben hadde torsdag kveld førebels ikkje bestemt kor tid neste samling skulle bli.

– Vi skal ta ein prat om det etterpå, så skal eg sjekka med idrettslaga når dei trener dei ulike idrettane, slik at vi kanskje finn fram til ein dag det ikkje er så mykje anna aktivitet. Det er berre å følgje med på facebook-sida til Os sjakk, sa Daniel Skotheim, som laurdag fortel at dei har bestemt seg for at treningane blir onsdagar kl 17 på Os barneskule.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.