Sport | 30. apr. 2014

Frå Bergen-Voss til 3. plass på Kreta

11. april jogga han frå Bergen til Voss, inkludert 6 mil på truger. I helga fekk Thomas Andersen 3. plass i eit 26 km langt terrengløp på Kreta.

Frå Bergen-Voss til 3. plass på Kreta
Thomas Andersen (i kvitt og raudt til venstre) før start på 26 km terrengløp på Kreta. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. apr. 2014 09:57

– Turen gjekk som planlagt, men vi var maksimalt uheldige med vêret og føret, seier Thomas Andersen.

Torsdag 11. april jogga han og treningskameratane Thorbjørn Ludvigsen og Sverre Slethaug frå Bergen til Voss.

Dei brukte 25 timar på turen, inkludert tre pausar på til saman rundt 90 minutt.

– Det var heilt greit. Vi tok det ikkje på tid, og måtte ta seks mil med truger. Likevel gjekk vi 20-30 cm ned i snøen.

«Bøyer meg i hatten»

Dei tre Bergen-Voss-løparane var utstyrte med tracking, viss nokon ville følgja turen på nett. Og i løpemiljøet er det tydelegvis ein fin og humoristisk tone.

Nokre sprekingar frå Øystese følgte nemleg med laget frå Bergen, og uttalte at dei skulle på med skia og gå forbi gjengen frå Os.

– Det blei ikkje så mykje løping med truger på, mest rask gange. Men det var tydelegvis raskt nok, for gjenger frå Øystese klarte ikkje å ta oss igjen, sjølv om dei hadde ski.

– «Eg bøyer meg i hatten» fekk eg på sms frå ein av dei, ler Thomas.

26 km sprint

Då Thomas deltok i terrengløp nord i Spania i fjor budde han på hotell med blant andre arrangøren av eit terrengløp på Kreta.

– Sidan Salomon har den posisjonen dei har, får vi løparane deira ekstra merksemd. Eg blei invitert til Kreta og tok det som ein liten treningsleir torsdag til måndag.

Søndag gjekk det 26 km lange terrengløpet, som har 1300 høgdemeter. Thomas sparng i mål på 2 timar og 30 minutt, 7 minutt bak vinnaren, 4 minutt bak 2. plass.

– 26 km er kortare enn det eg er sterkast på. I tillegg var det veldig varmt, så dette er ei tid eg er veldig nøgd med.

Neste løp blir lengre, i slutten av mai skal han springa 85 km i terreng i Frankrike.

Neste stunt: Folgefonna på langs?

Sjølv om det er fleire gode løp å delta i, vil Thomas Andersen også ut på nokre individuelle ekstremturar med treningskameratane.

– Det er mykje kult du kunne gjort i Noreg om ikkje det hadde vore så strenge krav til risikoanalyse og liknande, for dei som er arrangør.

– Bergen-Voss er eitt eksempel, det ville neppe blitt arrangert som løp. Det neste vi lurer på er å ta Folgefonna på langs, fortel han.

Folgefonna er over 30 km lang.

– Men først må vi sjekka kva som let seg gjera, med tanke på sprekker i breen. Vi må truleg springa med tau mellom oss uansett, om vi prøver oss på denne turen, seier Thomas Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.