Sport | 28. nov. 2017

Frå leik til landslag

For 10 år sidan leika ho seg i Oshallen. Laurdag speler ho VM med handballjentene i Tyskland.

Frå leik til landslag
Midtsiden fekk ein prat med Emilie Christensen etter Møbelringen Cup i Sotra Arena (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 28. nov. 2017 09:33

Emilie Christensen (24) har trådd sine barnehandballsko i Oshallen. Då klubben for om lag 10 år sidan inviterte gutar og jenter frå 12 til 16 år til «Gøy med handball på fredagar» var Emilie sjølvsagt ei av dei mange ivrige deltakarane.

– Ja, det hugser eg godt. Det var då vi spelte flyball, smiler ho når Midtsiden minnar henne på det i «mixed sone», der pressa møter spelarane, i Sotra Arena etter at ho har vore med å ta heim sin første turneringssiger med handballjentene i Møbelringen Cup.

Har gått gradene

Etter å ha spelt aldersbestemt handball i Os gjekk Emilie til Fana som sekstenåring og blei sentral på laget som rykte opp til 1. divisjon.

I romjula 2013 blei ho lånt ut til eliteserielaget Glassverket, kor ho etterkvart blei særs sentral som midtback. Ho blei også kåra til årets midtre bakspelar i eliteserien 2016/17.

– Vi er kjempenøgde med Emilie! Ho har så stort potensiale at ho kan bli landslagsspelar, sa dåverande trenar Kenneth Gabrielsen i eit intervju med BA i mars 2015.

Før årets sesong blei ho henta frå eit Glassverket i økonomisk krise til Larvik, kor ho raskt har tatt mykje av den same leiarrolla som ho hadde i drammensklubben.

Har tatt VM-sølv tidlegare

Når VM kastast i gang laurdag, med opningskampen mellom Noreg og Ungarn, er det med eit sigersvant norsk landslag. Også Emilie har eit VM-sølv i bagasjen frå før.

– Ja det stemmer det, eg var med då LK92 (juniorlandslaget, journ.mrk) tok sølv i VM i Den Dominikanske Republikk. Eg var også med i EM året etter.

På laget den gangen spelte også Stine Skogrand, som òg er på seniorlandslaget, og som Emilie kjenner godt frå tida i Os og Fana. Skogrand spelte nemleg for Fyllingen i oppveksta.

Tatt godt imot

Emilie var den store overraskinga då Thorir Hergeirsson presenterte VM-troppen tysdag 7. november.

– Korleis var det å møta dei andre handballjentene og bli ein del av landslaget?

– Det har vore veldig gøy. Det er klart, der er mykje nytt og mange inntrykk å bearbeida, men eg har blitt tatt godt imot og føler eg er ein del av gjengen. Eg har fått eit veldig godt inntrykk av dei andre. Dei har jo også vore ferske, så dei kjenner seg nok litt att i situasjonen min, og veit kva dei skal seia og gjera for at eg skal føla meg trygg.

Slapp stresset

Debuten for A-landslaget fekk ho i opningskampen i Møbelringen Cup mot Sør-Korea.

– Det var ein grei kamp å koma innpå i. Det var ei behageleg stemning kor vi hadde god kontroll på kampen. Det gjorde at eg fekk ein roleg debut og kunne spela som eg plar. Eg var faktisk ikkje så stressa då eg kom innpå, seier ho.

Etter tre kampar i Sotra Arena meiner ho at dei har vist at dei har toppnivået inne.

– I helga har det svinga for mykje, men vi har vist at vi har toppnivået inne og at vi kan setta standarden. Eg meiner vi kan gå heile vegen, men vi må vera skjerpa og ta ein kamp av gangen.

– Eg trur jentene skal vera med i toppen i VM. Ææ, det gjeld inkludert meg sjølv, ler ho, ikkje heilt vant med å snakka om seg sjølv som ein av spelarane på verdas beste landslag.

Nøye på detaljar

Når det kjem til speletid i VM reknar ho med at det blir mykje likt som i Møbelringen Cup.

– Det blir nok litt som i helga, at Thorir lar oss nye få prøva seg når vi har god kontroll. Det handlar jo også om å la dei som speler mest få kvila litt innimellom.

– Eg trivst godt med den rolla no. Det er mykje å læra også frå benken.

– Kva er den største forskjellen mellom å spela på landslaget og klubblaget?

– Det er meir profesjonelt. No er det jo profesjonelt i Larvik òg, men på landslaget er alle veldig nøye på alle detaljar. Det er småting som blir justert og rettleia på heile vegen, både frå trenarapparatet, men også mellom spelarane. Alle er rett og slett proffe i alt dei gjer.

– Ikkje gje opp draumen

Kva råd har den feske handballjenta til dei som no er der ho var får 10-12 år sidan, og som trør sine handballsko i Oshallen.

– De må aldri slutte å gjera det de synest er gøy. Ikkje gi opp draumen om ein dag å koma på landslaget. Det er berre å stå på, leika seg med handballen og trena kvar dag for å bli litt betre, avsluttar Emilie Christensen.

Slik blir dei innleiande kampane i VM spelt:

02.12 Kl 2030 Noreg - Ungarn
03.12 Kl 2030 Argentina - Noreg
05.12 Kl 2030 Noreg - Polen
07.12 Kl 2030 Tsjekkia - Noreg
08.12 Kl 2030 Noreg - Sverige

Alle kampane blir sendt på TV2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.