Lokal | 18. des. 2013

Framleis for sal

Fjellheim er framleis for sal etter at kommunestyret handsama saka på nytt tysdag, men ikkje utan debatt om følelser og økonomi.

Framleis for sal
Fleirtalet i kommunestyret vil framleis selja Fjellheim (arkivfoto: KVB)
Andris Hamreonsdag 18. des. 2013 11:42

Etter at kommunestyret hadde handsama spørsmål om habilitet vel og lenge kom ein fram til realitetshandsaming av saka, men ikkje utan ein sving innom spørsmålet om å utsettja saken til over nyttår.

– Opprettheld arbeiderpartiet framlegget om å utsetja saken, undra ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Vi meinte før møte at saka hadde godt av å bli utsett, og med det som har skjedd her i dag, så meiner vi framleis det, svara Lars Atle Skorpen (Ap).

– Det støttar vi full ut, supplerte Anders Hjelle (TvS), før Terje Sperrevik, også frå TVS tok ordet.

– Når ordføraren no seier dette likevel ikkje er eit innbyggjarinitiativ, og at handsaminga sperrar for eit nytt innbyggjerinitiativ i inneverande kommunestyreperiode, så føler eg meg ikkje vel på at dette er godt nok. Saksframlegget frå rådmannen er eg ikkje nøgd med.

– Det er 4000 menneskje som har skrevet under på Bevar Fjellheim sitt opprop.

– Av respekt for innbyggjarane og dei demokratiske spelereglane meiner eg saka bør utsetjast, argumenterte Sperrevik, som fekk støtte frå Glenn Erik Haugland (V).

– Det er viktig å ta ting på alvor. Eg trur stiftinga treng tid til å områ seg og stettar utsetjing, forklarte Haugland.

Feiltolka overleveringa

Ordførar Terje Søviknes (Frp) tok sjølvkritikk på at han hadde tolka initiativet frå Bevar Fjellheim som eit innbyggarinitiativ.

– Eg har hatt fleire møter med Bevar Fjellheim. På eit tidspunkt kom spørsmålet om å ta saka opp på nytt. Eg svarte at eg som ordførar kunne medvirka til at det skjedde.

– Då det på eit tidspunkt blei helden eit formelt overleveringsmøte med dokumentasjon og dei 4000 underskiftane så tolka eg det som eit formelt innbyggjarinitiativ.

– Det får eg ta på meg.

– Eg føler saka no er så godt belyst at den er klar for å behandlast i kommunestyret, forklarte Søviknes.

Utsettingsforslaget blei forkasta mot stemmene frå Ap (5), V (1) og TvS (4).

Kulturell vandalisme å rive

– Sjølv om det ikkje er mitt ungdomshus, så er det ein god del nostalgi knytt til Fjellheim.

– Eg er blant dei som skulle ønskja at det kunne bevarast. Eg har ikkje grunnlag for å vera heilt sikker på at det er lurt å bevara det som framtidig kulturhus, men initiativet gjev grunnlag for å ta saka opp på nytt.

– Eg er sterkt tvilande til om det er god økonomi å riva det.

– For meg eg den arkitektoniske og historiske verdien til Fjellheim avgjerande. Vi har ikkje så mange hus i Os kommuen som syner kommunen si historie.

– Det vil vera eit stor tap om Fjellheim forsvinn frå landskapet, eg vil faktisk gå så langt å kalla det ein kulturell vandalisme, argumenterte Olav Søfteland (Ap) i det han fremja forslag om å stoppa salet av Fjellheim.

Tvilt seg fram

Glenn Erik Haugland (V) og Terje Sperrevik (TvS) stetta båe arbeiderpartiet, men ikkje uten ein god posjon tvil.

– Eg har tvilt meg fram til at vi treng Fjellheim. Det er Osøyro sitt ungdomshus.

– Budsjetta som Bevar Fjellheim har lagt fram er ikkje bra, men dei er amatørar og treng hjelp. Det som er viktig no er å sjå på om Bevar Fjellheim kan gjera det på ein anna måte, vær nå litt snille med Fjellheimfolka.

– Det er følelser og engasjement i denne saka, la oss ta var på dei, argumenterte Haugland.

– Vi har vore usikre heile tida, men trudde faktisk det var ein god dialog mellom kommunen og Bevar Fjellheim.

– Vi har tvilt oss fram til at vi vil støtta Ap sitt framlegg, konkluderte Sperrevik.

Eit økonomisk omsyn

Espen Aspenes (Frp) argumenterte på vegne av Frp, H og Krf for å støtta rådmannen si innstilling om å stadfesta vedtaket om sal frå 2008.

– Dette gjer vi basert på tre ting.

– Finansiering. Det ligg ikkje noko i Bevar Fjellheim sine planar om finansiering som dekkjer inn kommunestyret sitt vedtak frå 2008 om delfinansiering av Oseana. Vi sa nei til fortsatt bruk av Fjellheim og ja til bygging av Oseana med sal av Fjellheim og omregulering av tomta som ein viktig del av finansieringa.

– Vi ser og at Oseana kanskje ikkje har vore tenelig for alle aktivitetar innan frivillighet og kultursektoren i Os, men meiner det best blir løyst i samband med det planlagte nye bygget ved Os ungdomsskule. Dette vil etter vårt syn vera mykje meir framtidsretta lokaler enn fortsatt bruk av Fjellheim.

– Vi er òg tvilande til den foreslåtte modellen vedrørande drift og organisering av Fjellheim. Vi trur ikkje den vil vera berekraftig, argumenterte Aspenes, før han la til at ei anna utnytting av Fjellheimtomta for å styrka sentrumsutviklinga vil vera betre samfunnsmessig og økonomisk.

– Når er bygget ved ungdomsskulen tenkt å komma, undra Glenn Erik Haugland.

– Den er under oppsegling. I løpet av våren 2014 slik eg har forstått det, svara Aspenes som blei supplert frå ordføraren på at reguleringsplanen ville koma til plan- og bygningsutvalet i januar.

Framleis sal av Fjellheim blei vedteken mot 10 røyster (5 Ap, 1 V, 4 TvS)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.