Lokal | 18. des. 2013

Habilitetsdans om Fjellheim

Fjellheim gav heftig diskusjon då Torill Keys (Ap) inviterte til dans om sakshandsamarane sin habilitet. Det endte med at ho sjølv blei funnen inhabil.

Habilitetsdans om Fjellheim
Torill Keys (Ap) stilte spørsmål om habilitet og blei sjølv funnen inhabil (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. des. 2013 08:43

Då kommunestyret skulle handsama saka om Fjellheim tysdag tok diskusjonen ei litt anna vending enn mange kanskje hadde sett for seg før debatten.

Torill Keys frå Arbeiderpartiet stilte nemleg spørsmålsteikn med rådmannen sin bruk av ein "røynd kulturarbeidar i Os".

– Habilitetsreglane gjeld også for dei som er med i tilrettelegginga av ein sak.

– Når ein i saksframlegget legg til grunn uttale frå ein "røynd kulturarbeidar i Os" så støttast ikkje dette då vi ikkje kan kontrollera vedkommande si habilitet, tordna det får Keys som ba om at saka blei sendt attende til administrasjonen.

Sjølv inhabil?

Ordførar Terje Søviknes (Frp) delte ikkje Keys sitt syn i saka.

– Vi har fått eit samla dokument frå rådmannen, korleis han har samla denne informasjonen er opp til han.

– Når vi først toucher habilitet, så slår det meg at vi er borte i ei problemstilling med representanten Keys sitt slektskap til ei av inititativtakarane i Bevar Fjellheim, svara Søviknes, og sikta til at Olaug Tvedt Keys sit som styreleiar for stiftinga.

Ikkje kjekt å stå fram

Rådmann Knut Terje Rekve kunne heller ikkje så at det var eit problem med habiliteten til den røynde kulturarbeidaren.

– Eg kan vanskeleg sjå eit habilitetsproblem. Eg kunne vald å la vera å skriva om historikken til Fjellheim i kursiv, men eg valde det for å tydeleggjera at dette var skriven av ein annan enn meg sjølv.

– Men kvifor er ikkje vedkommande namngitt. Det vil eg gjerne ha svar på, spurte Harald Døsen (Ap).

– Grunnen er at når ein jobbar innan kulturfeltet, så er det ikkje kjekt å stå fram med ei anna meining. Difor valde eg å skriva ein røynd medarbeidar, forklarte Rekve.

– Eig Døsen noko?

Torill Keys var framleis ikkje nøgd med rådmannen si forklaring då den røynde kulturarbeidarn ikkje berre oppsummerte drifta til Fjellheim, men også kom med ei vurdering av om det er eit poeng å vidareføra driften av Fjellheim eller ikkje.

– Dessuten vil eg òg stilla spørsmål om habiliteten til Tor Inge Døsen som òg har bidrege i sakshandsaminga.

– Stemmer det at hans nære familie har eigedom i dette området eller ikkje?

– Eg veit ikkje om Døsen har eigedomsinteressar i området, svara rådmann.

– Det er slik at når du tilrettelegg ei sak så skal du vera habil. Eg ber rådmannen sjekka med Døsen, kommenterte ordføraren Terje Søviknes, før han med eit sukk la til at han kjente han skulle ha starta habilitetsspørsmålet i andre enden.

– Så vidt Tor Inge Døsen veit så har ikkje han eller familien eigedom i området, repliserte rådmannen.

Keys inhabil

Etter å ha avklara sakshandsamarane si habilitet blei spørsmålet om Torill Keys si habilitet vurdert.

– Eg meiner Torill Keys er inhabil med bakgrunn i slektskapet til Olaug Tvedt Keys, argumenterte Terje Søviknes.

– Vi ønskjer å vera prinsipielle i høve dette. Blir det stilt spørsmål om du er inhabil, så er du truleg det, svara Lars Atle Skorpen (Ap).

Terje Sperrevik (TvS) var ikkje umiddelbart einig i at Keys var inhabil, då det var snakk om ei stifting og ikkje eit føretak med økonomiske motiv.

– Det handlar ikkje berre om økonomi, men òg om du er part i ei sak og har direkte interesse i ei sak. Olaug Tvedt Keys er styreleiar for stiftinga, svara Søviknes.

– Som styrets leiar for ein organisasjon som ønskjer å overta verdiar for 10 millionar kroner, så er det òg økonomiske aspekt i saka, påpeika Jostein Bondevik (KrF).

Mot to stemmer frå Arbeiderpartiet blei Torill Keys vurdert som inhabil.

Døsen inhabil

Etter at Keys var funnen inhabil ba Harald Døsen (Ap) om ordet igjen.

– Då ber eg kommunestyret vurdere mi habilitet også.

– Eg er gift med søstra til Ingun Meiler som er styremedlem i foreninga, påpeika Døsen.

Eit samrøystes kommunestyre fann også Harald Døsen inhabil i saka.

Då saka blei realitetshandsama gjekk fleirtalet inn for framleis sal av Fjellheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.