Vidar Øvredal har ansvar for gjennomføringa av BOF sin friluftsskule i Os og Fusa. Her på Kalneset. (Foto: BOF.no)

To fullsette friluftsskular

Rekordmange 42 ungar starta sommarferien med lokale, maritime opplevingar.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Friluftsskulen, som blir arrangert i regi av Bergen og Omland Friluftsråd (BOF), er eit tilbod som i fleire andre kommunar har lange ventelister, men som i fjor var nær på å bli avlyst i Os.

– Det kom mange påmeldingar på tampen og vi hadde til slutt 40 interesserte til 20 plassar, fortel instruktør Vidar Øvredal.

Friluftsskulen er eit tilbod for yngre ungdom, frå 5. til 7. klasse (10-13 år) i Os og Fusa, med fire dagar i naturen, éi av nettene i telt, dei andre med oppmøte på morgonen.

I år var kapasiteten dobla og framskynda éin månad, dei to 4-dagarskursa blei arrangert siste veka i juni og første i juli.

– Responsen var god og vi fekk meir enn fullt hus. Heldigvis fekk vi plass til alle som ville, med 20 på det eine kurset og 22 på det andre.

Actionklare ungdomar sette pris på bølgjene

Øvredal fortel om ein fin gjeng med ungdomar på dei to friluftsskulane.

– Vi hadde berre éin dag med regn, og det var då vi var på Solstråleøya. Denne dagen var det både nedbør, vind og bølgjer, men det var berre bra, for deltakarane likte at det skvulpa litt på fjorden, det var ein actionsøkande gjeng med friskusar vi hadde med oss!

Forutan farten vêret skapte var det rikeleg med aktivitetar på programmet; padling, pil og boge, gradorientering, bruskassestabling, tubekøyring, styltekonkurranse, freezbeegolf, buldring og klatring.

Frivillig mobil-fri

– Vi var fleire leiarar og køyrde litt teoretisk undervising, der vi delte inn i grupper der nokre padla og andre lærde om knutar og stikk.

Deltakarane fekk òg undervising i å lesa kart, dei fekk tur med seglskøyta M/S Hilde og dei fekk mata geitekillingar på Skåtholmen.

– Sjølv om det ikkje var forbod mot å ha med mobiltelefon, var telefonane knapt å sjå.Det var ein glad og aktiv gjeng som aktiviserte seg sjølv utanom det faste programmet. Vêret opna for at det blei ein del bading, og vi hadde lagkonkurransar med avsluttande premieutdeling på Ramsholmen.

Lions hadde stilt Ramsholmen til disposisjon til undervisning og matauk dersom vêret ikkje var bra, men i år blei det lite bruk for å vera under tak i grindbygget.

Kan bli fleire netter i telt

Den eine natta i telt var ikkje obligatorisk, dei som ville sovar heime og heller møta om morgonen kunne det.

– Mange hadde med seg eigne telt til første natta på Vinnesholmen, og første samarbeidsprosjekt var å etablera teltleir. Eg har fått fleire tilbakemeldingar på at ungane gjerne ville hatt to netter i telt, det er mogleg at vi utvidar dette til neste år.

– Kan det òg bli utvida til tre eller fire kurs, sidan responsen no er så god?

– Nei, eg trur nok at vi kjem til å halda oss til to kurs med plass til 20 på kvart, seier Vidar, nøgd med den fine framferda til dei over 40 deltakarane.

– Det er kjekt å sjå at det er interesse for friluftsliv blant dei som veks opp i dag. Fleire nye venskap blei knytt og mange fekk ein god start på ferien.

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Hadde motorsag med på scenen

22. september 2017

Det blei blodig då dei spelte i Bergen på 90-talet. I morgon går Bastard Son Of Buddha på scenen hos Hanne’s.

bilde-midtsiden

Vi hevder oss bra

21. september 2017

Leserbidrag: Rosjef Eirik Vevatne oppsummerer Ungdomsmesterskap og Ulvenregatta.

bilde-midtsiden

– Ikkje rart barn mobbar

21. september 2017

– Når ein ser korleis vaksne oppfører seg i kommentarfelta, seier Gisle Hesjedal (Ap).

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.