Lokal | 09. mai 2017

– Går du inn er du del av prosessen

E39 Stord-Os: Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden sto «streikevakt» før dagens workshop med brukarar av Kobbavågen.

– Går du inn er du del av prosessen
Fleire representantar frå folkeaksjonen protesterte før dagens dialogverktas om bru over Bjørnafjorden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. mai 2017 13:59

Bildeserie:

Fleire ville diskutera med kommunalsjef Tjosås. (Foto: KVB)
Fleire ville diskutera med kommunalsjef Tjosås. (Foto: KVB)
Hytteeigarane Jebsen Marek og Wetteland. (Foto: KVB)
Hytteeigarane Jebsen Marek og Wetteland. (Foto: KVB)
1 av 2
Fleire ville diskutera med kommunalsjef Tjosås. (Foto: KVB)
Hytteeigarane Jebsen Marek og Wetteland. (Foto: KVB)

Klokka 15 i dag starta ein dialogverkstad mellom Statens vegvesen og fleire brukarar av Kobbavågen.

Fleire vel å ikkje delta.

Les òg: Intensjonen er å gjera prosjektet betre

I rundt ein time før møtet starta sto Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden med protestplakat og delte ut flyers til dei inviterte partane.

– Eg står her for å sjå til at dei som vil på møtet faktisk kjem seg inn, seier kommunalsjef Aina Tjosås, som og hamna i diskusjon om både traséval og prosessar mens ho var på utsida med demonstrantane.

– Dette er prinsipp. Går du inn så takkar du ja til bru, då er du blant dei som seier «lat oss gjera det beste ut av det», meiner Vibeke Harild frå folkeaksjonen.

I kortversjon er dette teksten på flygeblada:

Nei til
• Ei skjemmande og støyande monsterbru over ein av dei vakraste fjordane på Vestlandet.
• Øydelegging av skjergarden i Søre Øyane.
• Ein langvarig anleggsperiode med store inngrep.

Invitert eller ikkje?

Blant medlemmane i folkeaksjonen er grunneigarane i Kobbavågen. Ein av dei fem som eig Kobbavågen saman, Elisabeth Jebsen Marek, reagerer på at ho ikkje var invitert til møtet.

– Vi har kome med felles høyringsuttale og vi har kontakta vegvesenet for å invitera oss med på dialogverkstaden, fortel ho.

– Og då fekk de vel beskjed om at de fekk plass til éin representant frå grunneigarane. I tillegg har vi eige møte for grunneigarane, som de har vore med på, skyt Tjosås inn.

– Eg trudde det var éin av alle grunneigarane langs heile traseen, svarte Jebsen Marek, som samtidig slutta seg til aksjonen som ikkje ville delta i møtet.

Næringslivet kjem seinare

Folkeaksjonen reagerte òg på at ikkje næringsaktørar er inviterte.

– Dei involverte er delte i grupper for å få best mogleg møter. Dette som blir arrangert i dag er for brukargrupper, alt frå skule og barnehage til turlag og dykkarklubb.

– Næringslivet kan koma som ei eiga gruppe seinare, for eksempel når det er snakk om anleggstrafikk på veg til og frå Øyane.

– Kraftsenter eller fortidsminne?

Eit av dei nyare medlemmane i aksjonsgruppa er hytteeigar Bjarte Wetteland.

– Eg har hytte med utsikt mot Strøno, og blir ikkje direkte berørt, men det er klart eg bryr meg om området.

– Eg tenkjer også at dette er eit prosjekt som kunne vore så veldig annleis, eit forbildeprosjekt og eit utstillingsvindauge, seier Wetteland og forklarer:

– Noreg har tusen års fartstid med transport på sjø, kvifor ikkje dyrka det vi er gode på. Vi kunne ha brukt desse ressursane på å vera banebrytande, på å setja oss mål om effektiv transport med hurtigferjer, kanskje til og med førarlause med elmotor. Det kunne blitt eit kraftsenter og eit prosjekt som gav mange arbeidsplassar i framtidsretta teknologi.

– I staden siktar dei seg no inn på å bygga noko som er eit fortidsminne i det den står ferdig. Her synest eg at dei speler vekk ein unik sjanse, seier Bjarte Wetteland.

Mens aksjonsgruppa diskuterte med pressen gjekk éin etter éin inn døra. Nokre av dei med lapp i handa. Midtsiden kjem tilbake med eiga sak om dagens arbeidsmøte når møtet er ferdig.

• Midtsiden samleside: E39 Stord - Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.