Lokal | 26. apr. 2016

Går ut med namn på den drepte

Familien har samtykka at politiet går ut med namn på kvinna som blei funnen død i Åsen søndag.

Går ut med namn på den drepte
Kvinna blei funnen død ved denne bilden, i oppkøyrsla til eit hus i Åsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. apr. 2016 07:43

VG gjekk måndag kveld ut med namnet på den drepte kvinna, utan at det gjekk fram om politiet hadde frigjort dette.

– Familien har samtykka i at vi går ut med namn på avdøydde, seier påtaleansvarleg Inger-Lise Høyland til Midtsiden.

Kvinna som blei funnen død utanfor ein bustad i Lyseklostervegen er Trude Brenna Aasen, fødd i 1977.

Ho etterlet seg to born som ho har saman med sikta. Begge borna er myndige.

Blei erklært død på staden

Det var klokka 18.40 at politiet fekk melding om drapet. Politiet vil ikkje seia kven som ringte, men det var ikkje sikta sjølv, slik Midtsiden og fleire andre aviser tidlegare har skrive.

– Sikta ringte litt over klokka 19 og meldte seg. Han sto då utanfor Os lensmannskontor i Hamnevegen. Då var kvinna allereie funnen, fortel Høyland.

Det var politiet som var først på staden. Det blei utført forsøk på gjenoppliving og ambulanse og luftambulanse var raskt på staden, men kvinna blei erklært død på staden.

Tar ikkje stilling til om det var overlagt

Sikta har erkjent straffeskyld. Politiet mistenker at han har drept kvinna med kniv.

Politiet vil ikkje seia kvar dei fann kniven, men fortel at dei har kontroll på det dei meiner er drapsvåpenet.

Ifølgje ny straffelov frå 2015 blir det ikkje tatt stilling til om det er uforsett eller overlagt drap.

–Vi skil ikkje lenger på dette i formuleringa, med ulike strafferammer, men om det er gjort med overlegg så er det naturlegvis straffeskjerpande.

Ber om lukka dører

Sjølv om sikta har erkjent straffeskyld seier politiet at dei er heilt i starten av etterforskinga.

– Ei forklaring kan endra seg. Vi treng objektiv informasjon frå alle moglege kjelder. Det er gjort krimtekniske undersøkingar og fleire rundspørjinger og vitneavhøyr. Vi ventar òg på obduksjon og undersøker elektroniske spor, noko som tar tid.

Sikta blir framstilt for varetektsfengsling klokka 13 i dag.

– Eg kjem til å be om lukka dører, fortel Høyland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.