Kultur | 22. mai 2014

– Gjev dei knaggar til musikken

Introduksjon via eit dataprogram og vitjing i klasserommet frå ein dirigent skal gje 6. klassingane større utbytte av konsert med BFO.

– Gjev dei knaggar til musikken
Rune Hannisdal, her under ein konsert med Os Musikkforening, formidlar og introduserar Beethoven for 6. klassingane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 22. mai 2014 06:02

Gjennom Friskunst får elevane i 6. klasse ein ny inngong til skulekonsert med Bergen Filharmoniske Orkester (BFO), og eit anna bilete på Beethoven. Dette får dei frå tidlegare dirigent i Os Musikkforening, og no formidlingsleiar i BFO, Rune Hannisdal.

– Tanken er å gje elevane nokre knaggar å henga musikken på, og å setje verket inn i ein større samanheng før dei kjem i Oseana og skal høyre BFO.

– Stykket vi tek for oss er av Ludwig van Beethoven og heiter Eroica, fortel Hannisdal.

Som ei eventyrforteljing

Hannisdal er denne veka på turné hjå alle 6. klassene i Os for å gje dei ein introduksjon av verket og til nettsida Musicdelta, slik at elevane kan førebu seg også på eigenhand.

– Opplegget er på mange måtar tredelt. Først ved at eg kjem i klasserommet og snakkar og speler for dei, presenterer orkesteret, instrumenta og freistar å pirra nysgjerrigheita deira.

– På mange måter er det ei eventyrforteljing om komponisten og verket eg formidlar.

– Deretter jobbar elevane med Musicdelta fram til dei kjem på konserten.

– Etter sjølve konserten oppfordrar vi dei til å anmelda verket, forklarar Hannisdal.

Mange slags tolkingar

Musikken er ikkje som eit mattestykkje med berre eitt rett svar i følgje dirigenten.

– Det er ingenting som er rett eller galt i kva assiosiasjonar ein får når ein høyrer musikk, men for å gje elevane hjelp til å byrja ein tankeprosess har vi i dataprogrammet freista å introdusera Beethoven både som komponist, menneskje og korleis verda var då han levde, forklarar Hannisdal.

Programmet er delt opp i 15 kapittel som elevane kan utforska. Her der det alt frå Kven var Beethoven og kvifor vart han døv til lytteguidar for kvar av dei fire satsane i Eroica og korleis verket blir brukt i dataspel og i remixar i dag.

«I klipp nummer 2 og klipp nummer 3 er det nesten som instrumenta snakkar saman og diskuterar. Kanskje det er Beethoven som diskuterar med faren? Faren vekka ofte Beethoven midt på natta, så han kunne øve eller underhalde gjestane han hadde med seg heim. Kanskje musikken forestiller faren som kjeftar, eller Beethoven som nektar?» er eit døme på spørsmåla elevae møter.

– Håper et å avlive myten om at klassisk musikk berre er kjedeleg, smilar Hannisdal.

– Like viktig som matte

Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg kjente til BFO sitt opplegg og Musicdelta før han kom til Os.

– Det er jo nettopp dette vi ønskjer å gjera. Vera ein formidler og å kunne gje elevane ei større oppleving av musikken.

– Eg meiner jo musikk og dei estetiske faga er noko vi treng like mykje som matte og norsk når vi skal danna eit menneskje.

– Sjølv om dei andre i kulturhusnettverket, som vi er ein del av, var skeptiske då dei høyrde at vi dro i gang prosjektet, så skal vi visa dei at dette er vegen å gå, avsluttar ein entusiastisk Lindeberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.