Kultur | 06. apr. 2011

– God takhøgd

Dei vil synga Iron Maiden, Cyndi Lauper og The Beatles i kyrkja, dei rutinerte jentene i det nye bandet Songbird.

– God takhøgd
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. apr. 2011 22:14

– Sjølv om vi gjer våre eigne versjonar av desse låtane, gjerne akustisk, synes vi det er spennande at vi er inviterte til å spela konsert i serien «Musikk i kyrkja», seier Anne Solberg Andersson.

Ho meiner det viser at det er rom for fleire typar musikk i kyrkja. God takhøgd kan koma godt med når fuglane i Songbirds skal fly inn og ut til konserten, som startar klokka 19 fredag kveld.

– Vi har erfaring både i Os og utanfor Os, kvar for oss, men slo oss saman for første gong no og oppretta dette bandet for oppdraget for kyrkja.

«Run to the hills» av Iron Maiden, «Time after time» av Cyndi Lauper, «Blackbird» av The Beatles og «Both sides now» av Joni Mitchell er blant låtane som blir å høyra i Os kyrkje i morgon kveld, på Songbirds sin måte.

Songbirds har med seg desse musikarane til konserten:
• Vegard Hodneland, piano
• Arne Hernes, bass
• Knut Inge Johnsen, gitar
• Tore Hegdahl, trekkspel og gitar
• Nils Midtseter, trommer

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.