Bildet er frå ein større grasbrann på Kuhnle i 2013. (Arkivfoto: KVB)

Grasbrann spreidde seg i to retningar

Han skulle berre svi av litt gras, men måtte springa frå skanse til skanse fram til brannvesenet overtok.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Frå i dag, søndag 15. april, er det forbod mot open eld i utmark, men små hagebål er lov heile året.

– Skal du brenna noko større enn eit lite hagebål mellom 15. april og 15. september så må du søkja, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Skulle svi gras, mista kontrollen

Laurdag var fristen framleis ikkje ute, sjølv om brannsjefen fredag gjekk ut med åtvaring.

– Han gjorde det meste rett, varsla brannvesenet om at han kom til å svi av gras, og hadde sløkkeutstyr klart. Men så spreidde brannen seg ganske fort, i to ulike retningar, og vi blei varsla.

Grilhytte sto i fare

Brannvesenet rykte ut til adressa, ein eigedom aust for Os sentrum, og dreiv sløkking i tre kvarter.

– Brannen byrja å nærma seg ei grillhytte.

– Etter sløkking dynka vi graset godt med vatn for å hindra at det blussa opp igjen.

– Eg hadde full kontroll

OPPDATERT: Huseigar har kontakta Midtsiden for å understreka at det ikkje var han som kontakta brannvesenet, men truleg folk som såg røyken på avstand.

– Eg har svidd av gras i dette området kvart år sidan 50-talet. Eg hadde telefon i lomma, så eg kunne varsla om det var behov, noko det ikkje var.

Han fortel at han har svidd av graset systematisk, nær bygningane først, og laga ulike branngater.

– Alt var under kontroll, og det var ikkje fare for at brannen skulle spreia seg til verken grillhytte eller andre bygningar.