Kultur | 14. sep. 2013

– Han er morosam, men fokusert

Nadya har tru på dansepartnaren sin før kveldens premiere på Skal vi danse.

– Han er morosam, men fokusert
Nadya Khamitskaya og Eirik Strønen Søfteland. (Foto: Øyvind Ganesh Eknes/TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. sep. 2013 07:08

– Eg er frå Hviterussland og eg er streng, men Eirik er likevel alltid morosam, synest dansepartnar og instruktør Nadya Khamitskaya.

Laurdag kveld debuterer årets Idol-finalist, osingen Eirik Søfteland, i nok ein konkurranse på TV2.

Les òg: Snart klar for parketten

Dei siste vekene har han lagt i hardtrening for å få cha cha-en til å sitja.

– Den er litt vanskeleg, du skal vera rak i overkroppen samtidig som dansen går så fort, seier Eirik.

Audmjuk og lærevillig

Han og Nadya skal dansa cha cha til låta «Get Lucky» av Daft Punk.

– Då eg såg lista over kjendisane fekk eg Eirik som førsteval. Eg synest han var så sjarmerande på Idol.

– Og så var eg litt spent, for han virka så sjølvsikker. Men han viste seg å vera audmjuk, lærevillig og hardtarbeidande, seier Nadya til Midtsiden under generalprøven fredag kveld.

Sjå intervju med Nadya og Eirik på TV2.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.