Kultur | 27. aug. 2013

Snart klar for parketten

Eirik Strønen Søfteland har gått frå studio til danseøving. – Vi starta i går og har øvd i nesten seks timar i dag, seier Eirik.

Snart klar for parketten
Eirik gler seg til sesongpremiere 14. september. (Foto: Svein Bringsdal/TV 2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. aug. 2013 19:36

Eirik Søfteland har gått frå Idol-finale til fullsette konsertar på Søfteland, Tysnes og i Bergen, til øving og festivaloppdrag med KingCalling og innspeling av nye solo-låtar i studio.

– Det blei ein fin sommar med ei koseleg avrunding med tur til Vindmøllelarm på Smøla med KingCalling for to veker sidan, seier Eirik.

– Der budde vi og Steinar Albrigtsen i kvart vårt hus på ei elles øde øy. Arrangørane kjørte oss til og frå i rib og vi hadde nokre kjekke og vittige dagar utanfor Kristiansund.

I tillegg har han spelt fleire småoppdrag solo, for bedrifter og på kjøpesenter, og jobba med nokre sololåtar i studio.

– To låtar er så og seia klare, og kjem nok ut om ikkje så lenge. Og eg har fleire eg jobbar med.

I gang med danseøvinga

Men no er det mest fokus på dans, der han er favoritt til å vinna årets Skal vi danse på TV 2, som har sesongpremiere laurdag 14. september.

Les òg: Her er Eirik sin danselærar

– Dei andre starta så vidt i førre veke, men då var eg i studio. Eg og Nadya kom skikkeleg i gang i går.

Han seier det kjem til å variera litt frå dag til dag kor mykje øving det blir.

– Nokre dagar lir det ei økt på 3-4 timar, i dag hadde vi to på cirka tre timar kvar.

– Ser enkelt ut

Til no synest Eirik det har gått greit, men at nokre delar av dansen, som ser enkle ut, er svært kompliserte.

– Det å stoppa opp, rørslene du gjer med armane og beina før dansen held fram, ser kanskje enkelt ut, men det er det ikkje!

Førebels er det mest koreografi, finpuss på teknikken kjem etterpå og heilt fram til premieren.

– Vi får no tre-fire veker på oss til denne første dansen, seinare går det jo frå veke til veke, så då ser eg for meg at det blir hektisk, seier Eirik Søfteland, som no har flytta til Oslo igjen for å delta i endå ein konkurranse på TV 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.