Kultur | 26. jan. 2018

– Har aldri gjort noko sånt før

Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland håper på gode samtalar med publikum under «Supra»-utstillinga i Hvelvet.

– Har aldri gjort noko sånt før
Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland, her i lavvoen til Heidi, opnar laurdag utstillinga «Supra» i Hvelvet på Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 26. jan. 2018 08:06

Laurdag opnar Oseana to utstillinger. I Griegsamlingen opnar ei utstilling med fleire av bileta i Per Grieg senior si samling. I Hvelvet er det Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland som skal boltra seg med det unike kunstprosjektet dei har kalla «Supra».

– Vi har gjort mykje rart opp gjennom åra, men noko som dette har vi aldri gjort før. Det er modig av Oseana å gjera dette. Vi hadde rett nok ein installasjon i Kabuso i Øystese om Folgefonna, men den var meir fast. Denne utstillinga kjem til å utvikla seg i løpet av dei fjorten dagane vi skal ha den, fortel dei to då Midtsiden møtte dei midt i rigginga.

Tronsmo og Haugland har eit spesielt nært forhold til kulturhuset. To av arbeida deira ligg nemleg i grunnsteinen til bygget.

Ytterpunkta som møttast

Ekteparet møttes då dei gjekk på musikkhøgskulen i Oslo. Dei to var så forskjellige at det var ingen som trudde at dei skulle bli eit par.

– Vi var ytterpunkta i venegjengen og det kom som eit lite sjokk på dei andre då vi fortalte at vi var blitt kjæraster, smiler dei to.

Og nettopp ytterpunkta er på mange vis det «Supra» handlar om. Frå dei enorme informasjonsstraumene ein får via internett og digitale medier til dei kanskje litt meir vage informasjonsstraumane ein får i naturen.

– Vi har installert oss i kvar vår ende av Hvelvet. Eg med lavvo og sovepose. Glenn Erik med ipod og høgttalarar. I mellom der har vi ulike installasjonar, mellom anna høyreklokker kor folk kan lytta til våre samtalar, fortel Heidi Tronsmo.

Håp om gode samtaler

Nettopp samtalar er viktig for dei to.

– Noko av det vi håper vi får til gjennom desse fjorten dagane er å snakka med folk. Gode samtaler, éin til éin. Publikum må ikkje snakka med oss, men om dei har lyst så set vi veldig stor pris på det.

– Vi ønskjer også å få innspel frå publikum undervegs i utstillinga. Den skal vera levande og vi kjem til å gjera endringar og tilpassingar basert på dei innspela vi får undervegs, forklarer Haugland.

– Ta berre soveposen eg har i lavvoen. Det hadde vore veldig kjekt om publikum ville fortella meg sin soveposehistorie eller -minne. Det kan vera frå turar i fjellet, korpstur, cupar eller andre ting, skyt Tronsmo inn.

Overraskingar på lur

Dei to kjem til å vera fast i utstillinga kvar dag mellom 14 og 16.

– Det kan godt vera at vi er her meir, men mellom dei tidene er vi her i alle fall. Vi kjem til å finna på mykje forskjellig undervegs med song, musikk, kanskje dans. Kven veit.

– Men éin ting er sikkert, publikum treng ikkje vera redde for at dei må dumma seg ut. Om nokon skal gjera det, så er det vi, avsluttar dei to med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.