Komponist Glenn Erik Haugland har rykka inn i Oseana saman med resten av Havfest-ensemblet. Her på øving med Havprinsane (foto: Andris Hamre)

– Havfest er heime!

Måndag rykka Havfest-ensemblet inn i Oseana for snaue tre veker med øving og finpussing på folkeoperaen. – Vi ligg veldig bra ann, meiner komponisten.

Av: Andris Hamre

Då Oseana opna sommaren 2011 var det med den spesialskrevne folkeoperaen Havfest som første oppsettjing. Tre fulle hus blei seldt den gongen.

– Det er som Per Grieg sr. seier, dette er signaturforestillinga til huset.

– Difor føler eg at no har vi kome heim, seier komponist Glenn Erik Haugland der han står i øvingsrommet på Oseana og terpar detaljar med dei tre havprinsane og regissør Hege Gabrielsen.

Ro tross beinbrot

Ensemblet har sidan februar hatt mellom 10 og 15 øvingar i gymsalen på Søre Neset skule. Ei som ikkje har fått deltatt så aktivt i øvingane som ho nok skulle ha ønska er hovudrolleinnhavar og medkomponist Heidi Tronsmo.

– Heidi var så uheldig å skli på ein is-svull i vinter, noko som førte til eit komplisert brot tre stader i foten.

– No er ho veldig klar for å koma i gang. Fredag tek ho ut skruane, så det spørs om ho klarar å halde seg vekke etter det, ler ektefelle og medkomponist Haugland.

– Men, ho får skruane ut på fredag, berre to veker før premiere, korleis skal det gå?

– Vi har ein spennande vri på korleis Guri Kunna (Heidi sin rolle, journ.mrk) skal te seg på scenen, så det kjem til å fungera veldig bra.

Kvinneleg prins

Nypremiera på Havfest blir langt på veg å sjå på som ein heilt ny opera.

– Det er gjort mange grep og endringar både i scenografi og musikk.

– Ei av endringane er at vi gjer som i dei riktige gamle operaene og lar ei kvinne kle ei av rollene som prins, fortel komponisten.

Ei unik moglegheit

Og nettopp havprinsane er av dei som har rykka først inn i kulturhuset. Frå Griegakademiet har Haugland fått med seg tre unge solistar til rollene.

– Det er utruleg spennande og gøy å få jobba med ein levande komponist.

– Stort sett er det materialet vi jobbar med på skulen av komponistar som har vore daude ei stund, forklarar Arne Pareli Pedersen.

– I tillegg er det veldig studierelevant, med både sang, musikk og drama, supplerar kvinna som skal spele havprins, Kari Dahl Nielsen.

– Relevante jobbar for oss som er studenter veks ikkje på trær. Dette er første gong eg er med på ein opera, og det har gitt meirsmak.

– I tillegg tvinger formen på Havfest oss til å løyse opp i mange hemningar på scenen, smiler den siste av dei, tre Arne Kvarven.

Litt tregt

Sjølv om Haugland har roa i høve til at dei skal komma i mål til premiera 24. mai er det ein ting som uroar litt.

– Billettsalet er ikkje heilt der vi skulle ønskje.

– Vi såg litt av det same sist, at folk kjøpte billettar i siste liten. Det resulterte i at det var mange som ikkje fekk.

– Eg håpar osingane er om seg og kjøper litt tidlegare denne gongen, avsluttar Glenn Erik Haugland med håp i stemma.