Lokal | 03. aug. 2017

– Heilt uakseptabelt

Fleire i den kommunale leiinga har mottatt drapstrugsler mot seg og sin familie. Politiet ser svært alvorleg på saka. Kan straffast med tre år i fengsel.

– Heilt uakseptabelt
Fungerande lensmann Audun Hadler-Olsen fortel at politiet følgjer situasjonen tett (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 03. aug. 2017 14:29

Politiet fekk tidlegare torsdag ei orientering frå den kommunale leiinga om grove trugsler og drapstrugsler som har kome med fleire av dei kommunalt tilsette og folkevalde i samband med avlivinga av Hamnesjefen. Blant dei som har blitt truga er ordførar Marie Bruarøy.

– Dette er heilt uakseptabelt og noko som kan anmeldest og forfølges strafferettsleg, slår fungerande lensmann Audun Hadler-Olsen fast.

Ber folk tålma seg

Lensmannen har førebels ikkje motteke anmeldelser, men ber no folk om å tålma seg.

– Vi har sett eit aukande engasjement både i høve einskilde personer privat og offentleg tilsette. Det er både ærekrenkingar, sjikane, trugsler og drapstrugsler. Det går både på dei med offentleg rolle i kommuneleiinga, men også mot deira familier.

– Vi ber no folk ta til fornuft og avstå frå vidare kommentering. Det er sjokkerande lesning, nokre av dei tinga som står å lese i kommentarfelta og noko som kan påvirke forholdet mellom enkeltpersonar i lang tid, noko som ikkje er ønska, påpeiker Hadler-Olsen.

Anonyme meldingar kan sporast

Drapstrugslane har kome i fleire ulike kanaler.

– Meldingane har kome både via sosiale medier, meldingar og på telefon. Sjølv om det har kome frå anonyme numre, så skal folk vita at også desse kan sporast.

– Folk skal vite at nok er nok no!

Kan straffast med 3 år fengsel

Grove trugsler kan bli staffeforfulgt etter straffelovens paragraf 264.

– Strafferamma er fengsel inntil tre år, så dette er noko ein ser svært alvorleg på.

Sjølv om politiet ikkje har mottatt anmeldelse frå kommunen eller nokon av dei råka enno, så kan dei iverksette etterforskning på eiga initiativ.

– Vi følgjer med, og vil løpande vurdere om vi skal iverksetta etterforsking, seier Hadler-Olsen.

Frå heile landet

Dei grove trugslane har kome mot fleire personar i kommuneleiinga og frå fleire ulike personer.

– Dei har kome frå folk over heile landet, men også frå osingar.

– Eg kan ikkje gå inn på enkelt-tiltak, eller avkrefta eller bekrefta om vi har iverksatt tiltak i høve dei som er truga, avsluttar Hadler-Olsen som håper folk no vil roa seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.