Her går seglbåten ned

VIDEO: Sjå den eine av dei to seglbåtane i Askvik søkka – og bildeserie frå dagen derpå i den øydelagde marinaen.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag kveld rykte Os brannvesen ut til Askvik Brygge for å hjelpa til med å redda fleire båtar i stormen.

– Eg er utruleg takksam for innsatsen deira. Båten min hadde truleg gått ned om dei ikkje fekk den inn til kaien, seier Johnny Njøten til Midtsiden.

To andre var ikkje like heldige, seglbåtane deira gjekk ned tidlegare på ettermiddagen og ligg på 30-40 meter djupne i dag.

– Båten min er ti år gamal, men då eg kjøpte den for halvanna år sidan var den heilt strøken og nyoppussa i skroget. No har den fleire sprekker og skutesida er skrapt opp, fortviler Njøten.

– Eg heldt meg heime i går, og håpte det var min dei hadde redda då eg las om det. Det var det, men det var likevel eit forferdeleg syn å sjå det øydelagde bryggeanlegget og alle dei skadde båtane i dag.

– Der verste eg har sett

I tillegg til to seglbåtar som ligg under vatn er det ei snekke som låg i ein bøye litt aust for bryggeanlegget som har gått ned.

Ein skjergardsjeep av merket Rana ligg med kjølen opp og motoren under vatn, i tillegg har brygga fått omfattande skadar på utriggarane.

MS Samba var i dag på staden og løfta opp utriggar etter utriggar mens bryggene blei reparert. Andre la båtane side om side langs med flytebrygga.

– Eg har vakse opp i Askvik og dette er det verste eg har sett! seier Georg Askvik.

Den tidlegare medeigaren i Askeladden har utsikt over bryggeanlegget og filma då den eine seglbåten gjekk ned.

Hans eigen Askeladden låg trygt i ei privat brygge rett innanfor.

VIDEO: Sjå seglbåten gå ned då stormen Nina herja med Askvik Brygge. (Lesarfoto: Georg Askvik)

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Det kryr av talent her

28. juni 2017

Bildeserie: – Og det dukker stadig opp nye, seier friidrettsnestor Jan Borgen om årets friidrettsskule på Kuventræ.

bilde-midtsiden

Brann i takkonstruksjon

28. juni 2017

Brannvesenet rykte ut på melding om brann i takkonstruksjon på eit nybygg i Storestraumen.

bilde-midtsiden

Kva skal OBEAS driva med?

28. juni 2017

Generalforsamling i Os bygg og Eigedom AS. Formannskapet etterlyste tydeleg strategi for selskapet.

bilde-midtsiden

Speler finale i Sør Cup

28. juni 2017

Lysekloster/Nore Neset stiller med fem lag i Sør Cup. Gutar 14 speler B-finale i dag.

bilde-midtsiden

No kan du velja sjølv!

28. juni 2017

Lesarinnlegg: Alle pasientar som har rett til rehabilitering, kan no frå 1.juli velja fritt mellom offentlige og private...

bilde-midtsiden

Lager opningsfest for takterrassen

27. juni 2017

Takterrassen på Torget har fått eige namn. Med levande musikk, sjømatbuffet og nyutdanna barsjef blir det offisiell opning til helga.