Lokal | 02. feb. 2018

I forhandlingar med politiet

Os kommune har vore i forhandlingar med politiet om ny politistasjon på Moberg.

I forhandlingar med politiet
Os kommune har teikna om forslaget til ny politistasjon på Moberg etter forhandlingar med politiet
Andris Hamrefredag 02. feb. 2018 14:21

I formannskapet i neste veke vil prosjektsjef Halvor Hanevik orientere og drøfta en eventuell ny politistasjon på Moberg med politikarane.

Politiets Fellestjenester søkte i august etter lokale til nytt lensmannskontor i Os. Os kommune meldte si interesse og blei kvalifisert til å gje tilbod. Dette blei levert innan fristen 7. november.

– Den 15 november 2017 vart det gjennomført eit forhandlingsmøte med Politidistrikt vest, Os lensmanskontor og eigedomsforvaltinga sentralt i Politiet. Utfallet av forhandlingsmøtet var ønskje om reduksjon av areal på grunn av endra behov hjå politiet. Nytt romprogram, saman med nye byggtekniske krav frå politiet, gjorde at administrasjonen valde å programmere eit nytt bygg. Revidert tilbod med ny løysing vart sendt til Politiet 13.12.17, skriv Hanevik i saksutgreiinga til formannskapet.

Kortare leigeavtale

Eit nytt forhandlingsmøte blei gjennomført på nyttårsaften kor Os kommune gjekk gjennom det reviderte tilbodet.

– Nye teikningar vart presentert og forhold i leigekontrakt og pris på leige vart diskutert. Politiet informerte i dette møtet om at dei ønskjer eit leigeforhold med kortare leigeperiode enn det som ligg til grunn i konkurranseutlysinga.

– Administrasjonen vil i møtet legge fram sine vurderingar rundt framtidig eventuell leigeavtale med Politiet, skriv Hanevik.

Nært foreståande

Midtsiden snakka tidlegare i dag med lensmann Oddbjørn Dyrdal om den nye politistasjonen. Han kunne ikkje seie noko om status, anna enn at ei avgjer frå politiet si side truleg er nært foreståande.

– Eg har vore tydleg i mi tilråding om at eit avgjer må takast så snart som mogleg, fortalde lensmannen.

Midtsiden er kjend med at det har vore fleire tilbydarar enn berre kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.