Lokal | 01. aug. 2017

– Ikkje aktuelt å vurdera indre trasé på nytt

– Fjordkryssinga i midtre trasé er førebels altfor kostbar, men kan og vil bli realisert, sa Erna før ho reiste frå Os til Stord.

– Ikkje aktuelt å vurdera indre trasé på nytt
Midtsiden fekk ein prat om fjordkryssing med Solberg før ho reiste frå Os til Stord søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. aug. 2017 08:31

Då statsminister Erna Solberg (H) besøkte Os og Fjellanger Hundeskole søndag, fekk vi òg ein prat om eit anna tema som kan bli aktuelt i årets valkamp; vegbygging og E39 Stord-Bergen med bru frå Tysnes til Os.

I fjor sommar blei det klart at prisen på fjordkryssinga blei langt høgare enn først estimert, og Solberg sa at enklare vegstandard burde vurderast.

– Prisen var altfor høg. Vi skal bygga gode vegar, men nytte må stå i forhold til pris, ikkje minst når vegprosjektet i stor grad skal betalast av brukarane av vegen, seier Solberg til Midtsiden.

– Kor tid kjem indre trasé på banen igjen som alternativ?

– Det vil neppe skje, det trur eg vil vera bomtur.

– Kan det ikkje vera bomtur å bruka mykje meir tid og pengar på noko som kanskje ikkje er realiserbart - at Staten må byrja på nytt om nokre år med å vurdera andre trasear?

– Nei. Stord - Os er realiserbar.

• Les òg: Har kutta kostnadane med 8 millardar (6. juli)

– Prestisje å ikkje snu

Geir-Magne Johnsen Moberg frå Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden seier han hadde ønske om å ta ferjeturen frå Halhjem til Sandvikvåg saman med Solberg.

– Eg fekk veta om statsministerbesøket litt seint, elles hadde eg bedt om å få møta ho, og helst tatt ferjeturen saman med ho for å peika på områda som står i fare for å bli øydelagt av brubygging, seier Moberg.

Han ville spurd om noko av det same, kvifor ikkje spandera nokre kroner for parallelt å utgreia indre trasé (bru over Bjørnafjorden er midtre trasé).

– Etter at Erna for fire år sidan garanterte raskaste veg mellom Stord og Bergen trur eg det har gått prestisje i dette, det kan nesten sjå ut som om Høyre har gjeve nokre løfte til næringslivet i Stord og Bergen, løfte som er vanskelege å gå tilbake på.

– Vi ser det same lokalt òg, politikarane kjem ikkje med gode argument, dei har berre bestemt seg.

– Også når det viser seg at Statens vegvesen teiknar landing av brua midt i det finaste turterrenget, der både dagens ordførar og tidlegare ordførar, Bruarøy og Søviknes, tidlegare har sagt at det er uaktuelt å akseptera landing av bru - så synest dei no at det er greit.

Kan årets valresultat skapa forandring?

Geir-Magne trur bru over Bjørnafjorden kan få noko å bety for valkampen til årets Stortingsval, i alle fall lokalt i Os.

– Men Frp og Høyre er ikkje åleine om å ha ønske om å realisera Stord-Bergen med bru frå Reksteren til Øyane, vil Arbeiderpartiet sitja i Oslo og lytta til Folkeaksjonen frå Os?

– Senterpartiet har vore tydelege, dei er også i kraftig oppsving sentralt. I denne saka her trur eg vi kan gløyma å få indre trasé opp igjen som alternativ med mindre det blir regjeringsskifte, og eit sterkt Sp i regjering med Ap kan kanskje gje håp.

• Midtsiden samleside, alle våre saker om: E39 Stord - Bergen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.