Lokal | 21. sep. 2017

– Ikkje rart barn mobbar

– Når ein ser korleis vaksne oppfører seg i kommentarfelta, seier Gisle Hesjedal (Ap).

– Ikkje rart barn mobbar
Ap-politikarane Gisle Hesjedal og Sandra Kristin Austgulen var to av dei som reagerte (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 21. sep. 2017 11:56

Då fagsjef Per Olav Sørås orienterte om det nye kapittel 9A i opplæringslova og undersøkinga som var gjort i ei anna kommune om tilsette og føresette sine haldninger til påstandar som «Barn som blir mobba har litt skyld i det sjølv!» lot ikkje reaksjonane venta på seg frå politikarane i Tenesteutvalet.

– Eg blei veldig glad når du sa at det var skremmande tal og at du har eit tydeleg fokus på at eit mobbetilfelle er eit for mykje. Diverre overraskar det meg ikkje når ein ser korleis vaksne oppfører seg med kvarandre. Til dømes slik vi såg i kommentarfelta og i sosiale medier i samband med hamnesjefen i sommar, kommenterte Gisle Hesjedal (Ap) som lurte på om kor stort problemet med mobbing er i Os i dag og om innsatsteamet også kan gjera ein innsats utover skulen.

– Eg blei litt overraska over talla. Det kunne vore i Os. Det første ein må gjera er å komma til livs dei haldingane der. Det er ikkje lov å gå rundt med det utgangspunktet. Konkret så lurer eg på korleis ein gjer det i friminutta i skulegarden, følgde Siren Tømmerbakke (Sp) opp.

– Mobbing er komplisert og det er mykje som skjer på nett. Eg tenkjer ikkje berre på barna, men korleis vi vaksne opptrer på nett. Eg vil berre oppfordre vaksne og foreldra til å besinna seg. Kanskje hadde det vore på sin plass med kursing for foreldra, supplerte Sandra Kristin Austgulen (Ap).

– Alt vi sender ut, kjem i retur frå ungane. Difor må vi byggje gode førbilder, slik vi freister å gjera i Søre Øyane gjennom samarbeidet Trygg i Søre Øyane. Klarer vi det, då får vi betre skular og oppvekstmiljø i Os kommune. Det er vårt ansvar, påpeika Eirik André Hesthamar (Frp).

Møtet med foreldra viktig

Sørås fortalde at dei ikkje har nøyaktig tal på kor mange saker det er no, men at han har vore inne i nokre etter at han kom tilbake til kommunen for eit par år sidan.

– Ein ting vi har brukt mykje tid på er med rektorar og inspektørar og korleis dei møter foreldre som tek opp mobbing første gang. Det er viktig at dei blir møtt lyttande og ope. Diverre ser vi at mange har lett for å gå i forsvar.

– Når det gjeld friminutt og skulegarden, så handlar det om blikket dei vaksne har. Nokre er kjempedyktig til å sjå ting. Vi må bli betre til å sjå dei sama tinga og å observera det som skjer ute. Mesteparten av mobbinga skjer framleis i friminutta eller på toaletta.

– Angående kursing så er jo det frivillig. Vi har EFFT (Emosjonsfokusert foreldreveiledning og familieterapi, journ.mrk) om det å vera gode foreldre. I tillegg har vi foreldremøter. Eit døme er det eg skal vera med på i kveld (onsdag, journ.mrk) i Søre Øyane. Når eg kjem inn utanfrå så kan eg gå lengre i å utfordra forelda enn det skulen kan gå, oppsummerte Sørås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.