Sport | 06. apr. 2014

Ina tok sitt niande NM-gull!

– Legen sa nei, men eg sa ja, fortel Ina Grindheim, som stilte med to ribbeinsbrot og tok gull i NM i kickboxing.

Ina tok sitt niande NM-gull!
Ina Grindheim på pallen i Sandslihallen i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. apr. 2014 19:31

I helga blei NM i kickboxing arrangert i Sandslihallen.

Ina Grindheim frå Os bur og trener i Oslo, og stilte i NM trass skade.

– Eg var uheldig på trening for ei veke sidan og fekk brot i to ribbein. Det var litt å ta omsyn til, når du ikkje kan bli treft i magen, men det gjekk bra.

Ina, som tok bronse i VM før jul, vann både semifinalen og finalen i pointfighting (-70 kg) før full tid.

Semifinalen enda 11-1 og finalen 14-4.

Sølv i lettkontakt

I tillegg til å ta sitt niande gull i konkurranseformen Ina trener stilte ho opp i lettkontakt.

– Det gjekk greit der òg, men etter å ha hatt grei kontroll på finalemotstandaren i starten tok ho over og eg måtte nøya meg med sølv.

– Eg hadde ikkje rekna med å gå til topps her, eg har ikkje gått lettkontakt på fire år. Dessutan var det ein flink motstandar eg møtte i finalen.

Verdscup i Irland og Italia

I mars tok Ina bronse i det ho skildrar som den tøffaste av verdscuprundane, i Irland.

– Der gjekk eg fleire gode kampar og tok ein bronse, noko eg er nøgd med.

– Neste helg skulle eg vore i Østerrike for å gå neste runde, men då trur eg ribbeina skal få gro. Eg siktar meg heller inn mot verdscupen i Italia første helga i juni, fortel Ina.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.