Lokal | 11. des. 2017

Innbrot i garasje på Lepsøy

Verktøy sakna etter innbrot natt til søndag.

Innbrot i garasje på Lepsøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. des. 2017 09:21

Fredag kveld og natt til laurdag var det slåsting i Os, laurdag kveld og natt til søndag handla det meste om trøbbel på nullføre rundtom i bygda.

Søndag klokka 14.50 fekk politiet melding om innbrot i garasje på Lepsøy.

– Det er sakna ein del el- og luftverktøy frå garasjen, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.

– Dei som har stole frå garasjen skal ha tatt seg inn gjennom ein vegg.

Forholdet er meldt.

Køyrde bil med born på fanget

Tidlegare på dagen søndag fekk politiet melding om manglande sikring av barn i bil.

– I 11.15-tida blei ein kvinneleg bilførar i ein pickup observert køyrande frå Os sentrum mot Moberg med ein unge på fanget.

– Vi hadde ikkje patrulje i nærleiken, og fekk ikkje stoppa bilførar. Sikring av barn i bil er viktig og brot på dette blir slått ned på, seier Dyrdal.

Unnlate sikring av barn under 15 år gir normalt to prikkar på førarkortet, ifølgje reglar frå 2014.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.