Lokal | 02. juli 2013

Irish Cat er stengt

Fredag 21. juni var siste frist, fredag 28. juni kom tilsyn og pålegg om umiddelbar stenging. – Vi jobbar med dei siste tiltaka og håper å opna igjen så snart som mogleg, seier Bjarte Andersen.

Irish Cat er stengt
Montering av branndør på Irish Cat onsdag 19. juni, to dagar før frist. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. juli 2013 10:30

Nattklubben Irish Cat hadde siste frist 21. juni til å utbetra tre byggtekniske avvik:

1. Det er ikkje søkt om ansvarsrett for PRO og UTF innan brannsikring. Brannteknisk detaljprosjektering manglar. Det kan synast som om kommunikasjonen mellom Skansen Consult AS (brannteknisk prosjekterande) og Sweco Norge AS (ansvarleg søkar) ikkje har vore optimal.

2. Manglande dokumentasjon av at den nytta metodikken for måling av støy og akustikk er godkjent. Det har ikkje blitt gjennomført målingar av støy i bueiningar relevante for ei slik undersøking.

3. Prosjekteringa av ventilasjonen av lokalet er gjennomført, men det manglar gjennomføring av tiltaka omtalt i prosjekteringa.

Fredag 28. juni gjennomførte Os kommune tilsyn hos Irish Cat. Representantar frå byggesak, brannvesen og jurist var med på synfaringa saman med ansvarleg søkar Sweco.

– Det blei avdekka fleire avvik, nokre av dei var grove, seier tilsynsleiar i Os kommune, Arne Richard Stadaas.

– Dei mest alvorlege avvika har med branntryggleik og rømningsveg å gjera, legg han til.

Måtte stenga - heldt ope

Tilsynet resulterte i rapport med liste over avvik, uttale frå jurist og krav om stenging - eit krav som var gjeldande frå same dag.

Kravet gjeld all form for drift i lokalet.

– Kravet om stenging blei formidla per epost og telefon til Sweco. Vi har fått høyra at dei likevel har halde ope i helga, noko det i så fall vil koma straffereaksjon på.

Brannsjef Stein Gjøsund fortel at det blant anna mangla ei rekkje branndører, at dei installerte branndørene mangla sjølvlukkar og at det mangla leielys og leieskilt.

– På første tilsyn blei det utført etter tekniske krav frå då bygget var nytt. Då det i fjor kom krav om godkjenning av ombygging er det dagens krav som gjeld, og TEK 10 er langt strengare enn tidlegare byggforskifter, seier Gjøsund.

Overraska over krav

Bjarte Andersen, som kjøpte Irish Cat i februar i år, har jobba hardt for å innfri krava innan fristen 21. juni.

– Eg har brukt mykje tid og pengar på tekniske utbetringar, i tillegg har fleire varer og tenester tatt tid å få tak i. Enkelte har heller ikkje levert til avtalt tid.

Andersen seier dei tidlegare eigarane, Espen Risti og Frode Hølleland, har vore veldig hjelpsame i sluttspurten.

– Då fristen gjekk ut mangla vi leielys og éi branndør, noko eg har vore open med, begge delar var i bestilling.

– At det mangla fleire branndører er ikkje i tråd med det eg har blitt informert om frå Skansen, at det kom krav om stenging visste eg ikkje før eg måndag kom heim frå reise.

– Her kjem kommunen med langt strengare og omfattande reaksjon enn eg hadde trudd, eg blei overraska og fortvila då eg las rapporten og kravet om stenging.

– Etter 1,5 år med fin drift hadde eg i det minste trudd at eg kunne driva som pub fram til dei siste detaljane var på plass, seier Andersen.

Vil opna igjen så snart som mogleg

Nattklubb-eigaren seier leielys kom på plass i dag og at han vil i dialog med kommunen om mengda rømningsvegar og branndører.

– Vi held uansett fram med å utbetra avvika, både brannteknisk og ventilasjon, og vil koma i drift igjen så snart som mogleg, seier han.

– Vi forstår at dette blir oppfatta som drastisk tiltak, og at nattklubben er tryggare no enn då den opna for halvanna år sidan. Men dette er krav som er formidla for lenge sidan, som handlar om gjestane sin tryggleik, og vi kan ikkje sjå at nattklubben kan driva vidare før alt er i tråd med krava, seier Stadaas.

Kortfatta om bakgrunnen:

• Nattklubben Irish Cat, som opna i Brugata i desember 2011, fekk våren 2012 krav om søknadsplikt.

• Parallelt med det byggtekniske har det gått ei sak med spørsmål om tiltaket er i tråd med reguleringsplanen, ei sak plan- og bygningsutvalet behandla til Irish Cat sin fordel i september i fjor.

• Medan plansaka har blitt klaga inn av naboar og gått fire (!) rundar innom Fylkesmannen, har Irish Cat fått driva utan bruksgodkjenning, for ikkje å ta unødige kostnadar i tilfelle Fylkesmannen ville landa på at det ikkje er lov å ha nattklubb i Os sentrum.

• I slutten av mai kom Os kommune med endeleg krav om utbetring av desse punkta, som under tilsynet fredag 28. juni altså ikkje blei funnen tilfredsstillande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.