Kultur | 04. sep. 2016

Jon dødsa frå altanen på Oselvarnaustet

Sjå video frå Oselvarfestivalen, der Jon Hægland (15) sette ein støkk i gjestane med to byks frå 2. etasje og rett i sjøen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. sep. 2016 20:44

– Eg trener handball med Arne Veim Haugland (osing i verdstoppen i dødsing). Eg har følgt litt med på han i media, og øvd meg litt den siste tida, fortel Jon.

15-åringen må ikkje forvekslast med namnebroren, som er standupkomikar og sambygding, men yngste Jon er son av ein annan morosam kar, revyveteranen Otto Hægland.

Sidesporet til side, Jon er ein spretten gut og bestemte seg for å krydra Oselvarfestivalen med å dødsa frå altanen på Oselvarnaustet.

– Eg har vore og jobba litt på frivilligsentralen i Os. Der jobbar òg Tove Hille og Stine Kobbeltvedt frå kultureininga, og då vi snakka om Oselvarfestivalen så kom ideen om dødsing fram.

I videoen over får du ein kort stemningsrapport frå Oselvarfestivalen - med Jon sine to byks frå altanen.

Sjå óg: Video frå osmeisterskapen i dødsing i Osbadet i 2012.

Andre saker frå årets Oselvarfestival:
Her får John (83) tatovert oselvaren på armen
Fin familiedag i «Oselvar-gata»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.