Jubel på Høyre og Frp si valvake på Bar(t) i 21-tida i kveld. (Foto: Ørjan Håland)

Jubel og tårer på Bar(t)

Video frå valvake: Sånn var reaksjonane hos dei borgarlege då dei første resultata tikka inn.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Klokka 21.00 stengte røystelokala over heile landet, og dei første resultata frå dei rekordmange førehandsrøystene blei presenterte.

Her er resultat frå førehandsrøystene i Os

Midtsiden sendte direkte frå begge valvakene i Os - via Facebook. Videoen ser du under.

Jubelen sto i taket då tala kom på TV, først med 91-76 til dei borgarlege over dei raudgrøne.

Både ordførar Marie Lunde Bruarøy (H), varaordførar Laila Reiertsen (Frp) og statsråd Terje Søviknes gledde seg over tala.

– Jublar de for tidleg?

– Det blir ein lang kveld, og det er mange stemmer igjen å telja, men dei første tala og prognosane plar ikkje vera så langt frå endeleg resultat, seier ordførar Bruarøy.

Sjå kommentarane og stemninga i videoen under.