Lokal | 18. apr. 2012

Kan bli stoppa av forsvaret

Forsvaret fryktar for at Bjørnefjorden skal tapa seg som øvingsområde og protesterer mot midtre alternativ og bru frå Reksteren til Os.

Kan bli stoppa av forsvaret
Bru frå Reksteren til Os vil korta ned reisetida mellom Stord og Bergen med 15 minutt meir enn indre trasé om Fusa. (Ill. Hordfast)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. apr. 2012 07:54

Næringslivet i Sunnhordland har stått i spissen for arbeidet med å utgreia om bru over Bjørnefjorden er realistisk alternativ til indre trasé om Fusa og Samnanger. Det har det vist seg at det er, og til ein lågare pris enn venta.

Når ny, ferjefri veg mellom Stavanger og Bergen skal på plass er reisetid ein viktig faktor. Med ei 5 kilometer (verdas lengste) flytebru frå Reksteren til Os blir vegen mellom Stord og Bergen 20 kilometer kortare og 15 minutt raskare å kjøra.

Les òg: – Vi bør velja raskaste veg

Med rapportar som seier flytebru er eit realistisk alternativ jobbar flytebru-folket vidare med å fremja dette som beste alternativ.

Men no seier forsvaret at dei er skeptiske til prosjektet og at dei fryktar at dei med flytebru vil mista eit mykje brukt øvingsområde.

– Det avhenger av kvar den kjem, kvar brupilarane står, kor høg den blir og andre forhold, seier kommandørkaptein Per Rostad ved Haakonsvern til BA.no.

Marinen hadde møte med vegvesenet før påske.

Forsvarsbygg fortel at området er det største øvingsområdet for den norske marinen i Sør-Noreg og ramsar opp alt som kan bli hindra av ny flytebru:

• Aktivitet med undervannsbåter
• Øving med sveip, som krev 200 meter breidde
• Formasjonskjøring
• Slepeøvingar
• Skyteøvingar
• Trening med helikopter og jagerfly
• Våpenøvingar frå luft
• Samtrening med allierte overflate-, undervanns- og luftfartøy

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.