Katinka Berg var blant dei to første etter svømminga, også etter syklinga var det jamt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Katinka vann Os Triathlon

Katinka Berg (16) vann supersprinten under årets Os Triathlon.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag blei Os Triathlon arrangert for niande gong. Konkurransen, der blant anna OL-deltakar Kristian Blommefelt hadde sin debut i 2008, hadde deltakarrekord i fjor.

– I år hadde vi ikkje fullt like mange. Det er etterkvart mange løp å velja mellom og det ekstra fine vêret fekk kanskje mange til å ta seg ein roleg fjelltur med familien i staden, seier Ole Jacob Taraldset.

– Men vi hadde cirka 250 deltakarar, over 170 vaksne, rundt 30 ungdomar og 50 born, og det er vi nøgd med.

Klatrar på pallen trass sjukdom

Katinka Berg frå Lysefjorden bur no på Nesttun og er elev ved Tertnes Toppidrettsgymnas. 16-åringen var på pallen då ho som yngste deltakar tok 3. plass i BryneTri første helga i juni.

Om lag ein månad seinare kom ho på 2. plass i TriQvart i Kristiansand.

I går var ho blant dei to første etter svømminga, også etter syklinga var det jamt. Katinka har vore sjuk 1,5 av dei siste 2 vekene før løpet og synest hennar sterkaste grein, løpinga, var elendig.

Likevel heldt det til siger i supersprint (ungdomsklassen).

– Eg er mest nøgd med syklinga. Svømming har vore mi dårlegaste side, der har eg øvd ein del i sommar og hadde trudd eg skulle gjera det endå litt betre, men syklinga gjekk betre enn venta, seier Katinka til Midtsiden.

Guteklassen blei vunnen av Erik Nygård Madsen (Haugesund Triathlonklubb).

Samund og Ingrid beste vaksne frå Os

Mens ungdomane har supersprint der dei svømmer 350 meter i Ulvenvatnet, syklar 10 km (til Askvik) og løper 2,5 km (på Ulvensletta) har dei vaksne ein sprint-distanse med 750 meter svømming, 20 km sykling (til Lønnevågen i Norstrøno) og 5 km løping.

Vinnaren av både herreklassen og kvinneklassen er i aldersgruppa 17 til 19 år.

– Det er veldig kjekt å sjå, seier Ole Jacob.

– Det er berre 5-6 år sidan triatlon var dominert av menn mellom 30 og 50 år, no kjem det stadig fleire kvinner og ungdomar til idretten.

Beste frå Os i herreklassen var Samund Nordang på 10. plass av 130 startande. Samund kom på 6. plass i sin aldersklasse, 20 til 39 år.

Beste kvinne frå Os var Ingrid Klementsen Bøthun på 33. plass (18.plass i klassen 20-39 år).

Også årets 71 grader Nord-deltakar frå Os, Gry B. Skarstein, fullførte med stil. Ho landa på 38. plass.

Løyperekorden på 55:50 blei ståande, vinnar Birk Skogland kom i mål på ganske lik vinnartid som i fjor, 59:52.

Her er toppen av resultatlistene - med nokre lokale resultat:

MENN (130 startande, 129 som fullførte)
1. Birk Nagell Skogland (Haugesund Triathlonklubb)
2. Geir Føleide (Fusa SK)
3. Harald Nyland (Haugesund Triathlonklubb)
10. Samund Nordang (CK Henie) 6. plass i 20-39 år.
32. Ole Petter Matthiessen (Os Windsurfing og Øl) 10. plass i klassen 40-49 år.
64. Trond Blomberg (Statoil)
79. Tore Engesæter (Os)
81. Gustav Bøe (CK Henie)
100. Kurt Olsen (Os)

KVINNER (46 startande, 45 som fullførte)
1. Karen Nygård Magnussen (Bryne Triatlonklubb)
2. Elin Steinsbø Fylkesnes (Haugesund Triathlonklubb)
3. Cornelia Bloch (Haugesund Triathlonklubb)
33. Ingrid Klementsen Bøthun (Os) 18. plass i 20-39 år
38. Gry B. Skarstein (Hagavik)
44. Tone Holmen Haugland (Opptur Motbakkeklubb)

Ekstern lenskje: Komplett resultatliste.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Brann imponerte ikkje

24. mai 2017

Eit offensivt Lysekloster viste lite respekt for eliteserielaget Brann i 2. runde i cupen.

bilde-midtsiden

Festen i gang

24. mai 2017

Toppskårar Kristoffer Østervold er klar til å tukta Brann. Her er laga som startar. Oppdatert: Pause i Lysefjorden

bilde-midtsiden

Nor-Mær flaggar heim til Os

24. mai 2017

Etter over 20 år med produksjon av oppdrettsanlegg flyttar Os-selskapet fabrikken til heimbygda.

bilde-midtsiden

Tre på regional talentsamling

24. mai 2017

Nora Johnsen, Stine Eide og Malene Massi Fagertun er teke ut på regional talentsamling i håndball for J2002.

bilde-midtsiden

Første del av ferjefri E39 vedtatt

24. mai 2017

E39 Ferjefri: Stortinget vedtok i går at Rogfast skal byggast. Sjå Statens vegvesen sin animasjonsvideo av heile Ferjefri E39 her.

bilde-midtsiden

Tar Lysekloster på alvor

24. mai 2017

Brann tar ikkje lett på oppgåva når dei møter Lysekloster i 2. runde i cupen onsdag kveld. – Det er eit bra lag, seier Lars Arne Nilsen.