Lokal | 24. mars 2015

Klimasmarte bedrifter for framtida

Lesarinnlegg, Gunnar Kvåle (MDG): Utfordrar kommunen og private verksemder til å satsa miljø- og klimavenleg.

Klimasmarte bedrifter for framtida
Ved Rogamælen utanfor Ytterøya. (Ill. foto.: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 24. mars 2015 08:31

På næringslivsfrukosten i Oseana tysdag 17. mars vart Os Næringsforum etablert. Det ligg til rette for at dette kan bli eit viktig forum for nytenking og vidareutvikling av næringslivet i Os. Forumet skal etter planen bli ein stad der bedriftsleiarar og -eigarar drøfter tema om felles og strategiske løysingar for ei berekraftig framtid (http://www.midtsiden.no/vil-samla-bedriftene-i-bygda ).

Oljeverksemda vil gradvis verta mindre viktig som grunnlag for arbeidsplassar.

Næringslivet er no mange stader i full gang med planlegging av "det grøne skiftet". I Arendalregionen og i Bergen og Hordaland er det etablerte nettverk av bedrifter, «klimapartnere», som hjelper kvarandre med å koma i gang med eit slikt skifte. (http://www.klimapartnere.no/)

På heimesida deira skriv dei mellom anna: «Med de utfordringene som vi i dag står overfor, så er det å ta et samfunnsansvar og bidra positivt til utviklingen av lavutslippssamfunnet viktige oppgaver for enhver virksomhet. En klar holdning og konkret handlingsplan for klima/miljøsatsing vurderes også i økende grad av næringslivet selv som et konkurransefortrinn og som et rekrutteringsfremmende virkemiddel. Klimaendringene byr på utfordringer, men også store muligheter. Med økt klimakunnskap blir muligheten synlige».

Bedriftene i nettverket har gjennom klimasmart planlegging, oppnådd auka lønsemd. (http://energiogklima.no/kommunene-og-det-groenne-skiftet/klimapartnere-effektiv-modell-for-gront-skifte-pa-regionniva/). Byggenæringa er i denne samanheng særs viktig. Her er det også mykje å spara, mellom anna i offentlige bygg (http://fremtidensbygg.no/radgivning/planlagt-sykehjem-skal-bli-ledende-pa-energieffektive-losninger/)

Klimapartnere Hordaland blei starta for eit års tid sidan. Av bedriftene som så langt er med i samarbeidet finn ein: Asplan Viak, Atea, Auto 23, BIR, BKK, Emisoft, Hotel Terminus, Sparebanken Vest, Helse Bergen, Universitetet i Bergen, Bergen Kommune, Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland Fylkeskommune.

Det kan vera mykje å vinna med å satsa miljø- og klimavenleg, noko Os kommune i bygginga av Oseana alt har vist. Me vil utforda både kommunen og private bedrifter i Os å satsa på vidare på dette, og eit medlemskap i klimapartnarsamarbeide vil i denne samanheng vera nyttig. Helene Frimannslund ved Norsk Klimastiftelse er koordinator for nettverket i Hordaland. ‎(http://klimastiftelsen.no/klimapartnere-hordaland/)‎

Gunnar Kvåle
Miljøpartiet Dei Grøne

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.