Lokal | 13. feb. 2015

Vil samla bedriftene i bygda

Os kommune stiller med fødselshjelp og 200.000 kroner for å sparka i gang Os Næringsforum.

Vil samla bedriftene i bygda
Frå Os kommune sin frukost med næringslivet i fjor. Espen Aspenes og Ståle Skaatun innfelt. (Foto: KVB/AH)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. feb. 2015 11:18

Tysdag skal DNB halda ope seminar om «sikringsmuligheter i et usikkert marked». På same seminar vil lokalpolitikarane Espen Aspenes (Frp) og Ståle Skaatun (H) orientera om tankane og framdriftsplan for det som skal bli Os Næringsforum.

– Det er ikkje tenkt at dette forumet skal vera utsett for politisk innblanding, det skal vera eit sjølvstendig organ og ein høyringsinstans og samarbeidspartnar for Os kommune, seier Aspenes.

Dei to representantane frå den politiske leiinga i Os driv sjølv firma innan industri, eigedom, bygg og anlegg.

Vil ikkje vera ordinær

Os Næringsforum kan bli ein stad der bedriftsleiarar og -eigarar drøfter tema fleire har felles og strategiske løysingar for ei berekraftig framtid.

– Berre det at vi samlast er ein styrke i seg sjølv, verksemdene i Os kan løfta kvarandre fram ved å kjenna kvarandre betre, utveksla erfaring og bli kunde hos kvarandre.

Aspenes seier han samtidig håper Os Næringsforum tar form som noko meir enn eit organ som tilbyr det ordinære, som etablerarkurs og foredrag og rekneskapsføring.

– Vi kan spela inn ris og ros til kommunen, som administrasjon og politikarar kan ta med seg for endå betre drift. Vi kan også skapa gode lokale klynger innan ulike bransjeområde, anten det er bygg og anlegg eller produksjon og offshore.

– Viktig med god leiing

Etter orienteringsmøtet ser Aspenes for seg at det blir sett ned eit interimstyre, og her vil han jobba med å få med flinke folk, enkelte av dei kanskje ukjente for mannen i gata.

– For å bygga eit godt næringsforum treng vi å starta i rett retning. Det er mange flinke folk i Os, også blant dei som ikkje er kjent for så mange. Osingar og tilflyttarar med erfaring frå spennande prosjekt og verksemder andre stadar i landet er blant dei vi vil prøva å få med i det første styret. Ei god leiing frå start blir avgjerande.

Når interimstyret er på plass skal det, truleg til våren eller på forsommaren, bli invitert til ei første samling, eit ope møte der det blir tatt imot tips og ønskje om korleis næringsforumet skal formast vidare.

Vidare skal det lagast vedtekter for formell stifting, noko Aspenes trur vil skje over sommaren.

2 x 100.000 kroner

I budsjettet frå posisjonen ligg det inne 100.000 kroner til etablering av Os Næringsforum.

I tillegg har kommunen søkt om 100.000 kroner i støtte frå Bjørnefjorden næringsfond, midlar som kjem frå Hordaland fylkeskommune.

Søknaden blei i førre veke innvilga.

Les òg: Er det grunnlag for å danna Os Næringsråd? (kommentar frå 2014)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.