Kolliderte på klink is på E39
Full stopp på Halhjemsvegen etter nok ei ulykke i Lepsøykrysset.
Bildeserie:
Etter fleire meldingar til politiet, og til Midtsiden, med åtvaringar om ekstremt glatte vegar, kolliderte to bilar i krysset mellom E39 Halhjemsvegen og Lepsøyvegen.
– Det var tre passasjerar i den eine bilen. Det er uvisst om det var passasjerar i den andre. Ingen ser ut til å vera særleg skadd, opplyser politiet på staden.
Ambulanse, brannvesen og politi rykte ut i 22.50-tida, ein halvtime seinare var E39 framleis stengt. Det var likevel lite kø på staden.
Ulykka skjedde då ein Toyota på veg ut av Lepsøykrysset kjørte ut mens ein Saab på veg frå Os skulle vidare på Halhjemsvegen.
Saaben kjørte rett i sida på toyotaen og sladda så rundt og blei ståande med fronten mot Os.
Kollisjonen skjedde på nesten identisk måte som for seks dagar sidan, på same stad. Men då var det ikkje like glatt.
Det var klink is i krysset og vitne og publikum på staden hadde problem med å halda seg på beina.
Politiet ber folk som ikkje absolutt må ut å kjøra om å lata bilen stå.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.