Lokal | 26. nov. 2014

Kuttar bompengeinnkreving

Regjeringa følgjer Os kommunestyre og vil kutta bompengeinnkreving på Halhjemsferja.

Kuttar bompengeinnkreving
No skal det bli slutt på bompengeinnkreving på Halhjemsferjene (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 26. nov. 2014 09:08

I januar handsama kommunestyret spørsmålet om å utvida bompengeperioden på ferjestrekninga Halhjem - Sandvikvåg. Bakgrunnen for innkrevinga er å finansiera fylkesvegen 545 på Fitjar.

Då saka var oppe i januar, sa kommunestyret nei til utviding av bompengeperioden for tredje gong.

No har regjeringa lytta til kommunestyret i Os. I stortingsproposisjonen om endringar til statsbudsjettet går regjeringa inn for å kutta bompengeinnkrevinga på Halhjem - Sandvikvåg.

– Det er ein gledens dag for bilistane på E39, seier ordførar Terje Søviknes (Frp)

– I høyringsrunden var Os kommune klar på at innkrevinga ikkje burde forlengast, då nytteprinsippet blei brote når bompengar frå bilistane på E39 skulle nyttast på ein fylkesveg på vestsida av Stord, som ingen av E39-bilistane nyttar.

– I Hordaland fylkesting sto Frp åleine og stemte imot med same argumentasjon.

– Det er godt å sjå at departementet og samferdselsministeren gjev oss medhald, kommenterer Søviknes (Frp).

Ikkje berre gjev samferdselsministeren kommunen medhald. Han nyttar til og med det same argumentet.

– Ut frå samanhengen mellom nytte og betaling meiner departementet at det ikkje er akseptabelt å forlenge bompengeperioden, heiter det i proposisjonen.

Med slutt på bompengeinnkrevinga vil billettprisane mellom Halhjem og Sandvikvåg gå ned med 27 kroner for ein personbil og 127 kroner for ein lastebil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.